Diskusjon:Ole Christian Kvarme

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meir eller mindre direkte oversett frå nb til nn. Har berre formatert teksten litt i tillegg kurtber 10. mar 2005 kl. 2347 (UTC)

«Det er nyleg gjort kjend at ...» fungerer ikkje så bra — vi bør helst passe på at artiklane kan lesast utan redigering om eitt eller ti år òg utan at informasjonen går tapt. Formuleringar som «nyleg», «i går», «dei siste ti åra», «snart», «om fem år» og liknande vil endre tyding fort, så det er betre å erstatte dei med presise tidspunkt (helst dag, månad og år). Eg har ikkje endra dette sidan eg ikkje kjenner til når det vart gjort kjent — men det er fint om nokon kan taka tak i dette og erstatte «nyleg» med presist tidspunkt. -- Olve 13. mar 2005 kl. 0740 (UTC)

IP-en 80.202.172.179 prøver å fjerne tekst frå denne artikkelen med jamne mellomrom. Bør IP-adressa bli utestengt for lengre tid? --KRISTAGAα-ω 29. august 2005 kl. 22:02 (UTC)

Same IP-adressa har vore aktiv på på en: og no: utgåvene av artikkelen. På no: har hjartesaka vore å få inn lenkja http://www.kvarme.net, og på en: å få vekk den same informasjonen som her.
Eg gjorde eit DNS lookup på www.kvarme.net. Svaret eg fekk involverte IP adressa 80.202.172.179 , kva nå det måtte tyde? http://www.dnsstuff.com/tools/lookup.ch?name=http%3A%2F%2Fwww.kvarme.net%2F&type=A
--Jorunn 29. august 2005 kl. 23:03 (UTC)
Eg synest no i og for seg ikkje at det er så ille å ha lenkje til heimesida. Men stadig og ukommentert bortredigering av sakleg kritisk innhald frå artikkelsida er tvilsamme greier ja... Eg stemmer for ei åtvaring på sida Brukardiskusjon:80.202.172.179 saman med ei oppfordring om å stå fram med open identitet. Om det så kjem fleire «kvitvaskingar» av sida Ole Christian Kvarme frå same IP-adressa eller frå ein brukar som er assosiert med denne IP-adressa, så trur eg at ei langtidssperring er rett. Olve 29. august 2005 kl. 23:51 (UTC)
Det som Jhs har "oppdaga" burde eigentleg vera nok til å skremma den "anonyme bidragsytaren" frå "kvitvaskinga", det plar ikkje vera så vanskeleg å få avisene til å bita på slikt. I Belgia vart det t.d. ein liten skandale då ein minister (eller noko i den duren) prøvde å fjerna negativ informasjon om seg sjølv på Wikipedia. --Guttorm 30. august 2005 kl. 06:57 (UTC)
Slik setninga står no gjev ho uttrykk for ei meining. Altså at det ligg noko negativt i hans standpunkt. Det skal jo ikkje wikipedia gjere. Det man kan seie er omtrent:
- Det har vore sterk debatt rundt nokre av Kvarme sine standpunkt og uttalingar om kvinnelege og homofile prestar, kor Kvarme stadfestar at han sjølv ikkje vil innsette eller ordinere homofile sambuande prestar. roarjo 30. august 2005 kl. 13:31 (UTC)
Det er berre å endre i veg :-) --Guttorm 30. august 2005 kl. 13:57 (UTC)

«Det har vore sterk debatt rundt nokre av Kvarme sine standpunkt og uttalingar om kvinnelege og homofile prestar, der Kvarme stadfestar at han sjølv ikkje vil innsetje eller ordinere prestar som lever i homofilt partnarskap.» Eg forstår det slik at denne setninga er resultatet av ein debatt. Men for meg, som ikkje har vore med i debatten, framstår ho som eit dårleg kompromiss. Kva har Kvarme sagt om kvinnelege prestar i samanheng med det å tilsetje eller ordinere samlevande homofile prestar? - Knut 20:59, 4 mai 2007 (CEST)

Vi treng først og fremst kjelder. Eg fann kjelder for synet hans på homofile prestar ganske fort og greitt, men har ikkje greidd å finne dokumentasjon på biten om kvinnelege prestar. Når vi har dokumentasjonen på plass, så bør vi sjå på kva den mest presise måten å seie ting på er. :-) Olve 21:15, 4 mai 2007 (CEST)
Setninga kan ikkje stå, ho er utan meining. Eg kan godt forandre ho sjølv, men eg er litt redd for å tukle med ei setning som er resulatet av ein debatt eg ikkje har deltatt i. - Knut 22:11, 4 mai 2007 (CEST)
Vi treng dokumentasjon, anten det er slik eller slik. Kva har han sagt, og kva grupper har han sagt det om? Har han sagt noko spesifikt om kvinnelege prestar? Sidan det er ei kontroversiell setning, er det lurt å ta den biten her på diskusjonssida først. Men dokumentasjon er altså nykelen, trur eg. -- Olve 22:24, 4 mai 2007 (CEST)
Setninga treng først og fremst innhald. Den som ikkje har fått med seg at Kvarme er motstandar av at samlevande homofile kan arbeide som prestar, må vere både blind og dauv. Sidan eg ikkje har høyrt noko om synet hans på kvinnelege prestar, vil eg tru han er for kvinnelege prestar. Den sterke debatten om dette siste - når var den? I kva for kretsar? Blant kvinneprestmotstandarar?? - Knut 22:59, 4 mai 2007 (CEST)
Eg har no fjerna denne delen av setninga, og så kan han heller setjast inn att dersom ein finn dokumentasjon. --EIRIK\diskusjon 23:35, 4 mai 2007 (CEST)