Diskusjon:One Piece

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Innleiinga[endre wikiteksten]

Ettersom dette ikkje er min artikkel, vegrar eg meg litt for å redigere han.

Om setninga "Ein animeserie som blir produsert av TOEI Animations vart første gong framsynt i 1999 på TV-kanalen Fuji TV i Japan og er enno i gang."

animeserie er ikkje eit ord på norsk. Animasjonsserie?

Setninga er framleis litt uklår.

Kva med:

"TOEI Animations produserte ein One Piece animasjonsserie som vart framsynt første gong i 1999 på TV-kanalen Fuji TV i Japan. Denne vert framleis synt."

(Den siste setninga forutset at dette er reprisar, elles må ein endre til "blir framleis produsert" og "TOEI ... produserer" )

--Bep 22:11, 18 februar 2008 (CET)

Saksopplydning: anime er ein eigen sjanger/teiknestil og tyder noko anna enn «animasjon».--Gunnar Mikalsen Kvifte 22:18, 18 februar 2008 (CET)
Takk for opplysninga om den eine setninga du nemnde Bep. Eg ser ikkje på artikkelen som «min» så det er ikkje noko i vegen for å endre han, eg set pris på all hjelpa eg kan få, for eg er langt frå trygg på nynorsken min;) Michae2109 22:48, 18 februar 2008 (CET)
Mr. Kvifte peiker på noko eg ikkje var klar over (glad eg ikkje redigerte artikkelen). Dersom anime er ein eigen sjanger/teiknestil burde denne vore raud (og forklart) ettersom dette er eit ord som ikkje finst i ordboka. Men setninga er framleis tung... --Bep 22:54, 18 februar 2008 (CET)
Takk for opplysninga om den eine setninga du nemnde Bep. Eg ser ikkje på artikkelen som «min» så det er ikkje noko i vegen for å endre han, eg set pris på all hjelpa eg kan få, for eg er langt frå trygg på nynorsken min;) Michae2109 22:48, 18 februar 2008 (CET)

PS: Eg har no endra setninga til: «Studioet TOEI Animations produserer ein animéserie som vart framsynt første gong i 1999 på TV-kanalen Fuji TV i Japan. Denne blir framleis synt.», slik du foreslo. Håpar det høver betre:). Skal òg hugse på å leggje til ein forklaring til omgrepet animé. Michae2109 22:57, 18 februar 2008 (CET)

Glimrande. Animé er eg nyfiken på (heilt framand for meg, som Mr. Kvifte så rett påpeikte). Eg skal sjå over resten av artikkelen når eg får tid. --Bep 23:01, 18 februar 2008 (CET)
Flott at du er nyfiken, eg er sjølv ein stor fan av sjangeren og kan gje mange lovord om han:) Eg ser òg du retta eit setningsamband i innleiinga, takk for det. Michae2109 00:45, 19 februar 2008 (CET)