Diskusjon:Oppstanden i Wien i 1934

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Interessante artiklar Erling. Eg trur likevel ikkje at denne informasjonen passar best inn under "Wien 1934". Det er liksom ikkje noko intuitivt med eit slikt oppslagsord. Kanskje dette passar betre inn under til dømes "Austeriksk arbeidarrørslehistorie" eller noko i den duren? Ein annan artikkel du skreiv her om dagen hadde eit liknande namn som denne, men eg hugsar ikkje heilt kva det var. Bjarte 22. apr 2005 kl. 1558 (UTC)

Takk for ros. Eg skjønner kva du meiner, men kjem ikkje på noko betre som er like kort. "Wien 1934" er liksom eit begrep i historia til arbeidarrørsla...Kanskje kunne det heitt "Kampane i Wien i 1934?" Eller blir det for langt? (Og likeins "Massakrane i Indonesia i 1965", i staden for berre "Indonesia 1965" - eg går ut frå det var den du meinte. Noko langt det au, eller synest du/de det blir betre slik?)--Erling 22. apr 2005 kl. 1622 (UTC)
Einig med Bjarte. Kva med «Oppstanden i Wien i 1934», «Wieneroppstanden» (om dette er eintydig), «Wieneroppstanden i 1934» eller liknande? Gjerne med tilvisingar frå dei andre formene folk kan komma til å søkje på om dei er ute etter akkurat denne informasjonen. :) Olve 22. apr 2005 kl. 1626 (UTC)
"Oppstanden i Wien i 1934" er brukande, men ikkje fullgodt, fordi hendingane like gjerne kan kallast sluttpunktet i ei medviten klerikal-fascistisk avskaffing av demokratiet. Oppstanden var altså ingen vilja, offensiv oppstand, men eit siste defensivt forsøk frå sosialistane i landet på å redde demokratiet og sjølve arbeidarrørsla sin eksistens, etter medvitne provokasjonar frå regimet. Men eg godtar "Oppstanden i Wien i 1934", og ber om hjelp til å flytte teksten dit. --Erling 22. apr 2005 kl. 1640 (UTC)
Tja ... oppstanden i Warszawa-ghettoen var no òg sluttpunktet i ei medvita nazistisk etnisk reinsking som del av eit folkemord. Så eg er ikkje så sikker på at namnet er dårleg, da... :] Olve 22. apr 2005 kl. 1651 (UTC)
Godt poeng, Olve. Eg er samd. --Erling 22. apr 2005 kl. 1655 (UTC)
Da er artikkelen flytta. Om nokon kjem på eit betre namn, så kan dette ordnast opp i når den tida kjem. -- Olve 22. apr 2005 kl. 1648 (UTC)