Diskusjon:På låven sitter nissen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Ho dikta denne, og «Den gamle nissen satt så trist», som dei første norske ikkje-religiøse julesongane.» Den påstanden kunne eg tenkje meg å få dokumentert. Det er ikkjereligiøse songleikar i folkevisetradisjonen, og mange av dei er knytte til jula. Så går vi rundt om en enebærbusk er eitt døme, men det finst mange fleir. --Knut 17. desember 2008 kl. 16:32 (CET)[svar]

Du har nok rett i at dette ikkje er den fyrste. Eg fjerna rett og slett utsagnet. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 16:54 (CET)[svar]
(Endringskonflikt) Einig i at påstanden er svak utan dokumentasjon eller spesifisering. Kanskje det er første dikta (av ein einskildsforfattar) julesong som er meint. Men songleikane, i alle høve einebærbusken, skil seg frå desse to ved at dei ikkje har noko juleinnhald. I andre land blir dei då også sungne ved andre høve enn jul. --Ranveig 17. desember 2008 kl. 16:59 (CET)[svar]
Ranveig er inne på noko, kanskje. Hei, tomtegubber har ikkje noko spesifikt juleinnhald, ikke reven rasker over isen eller skjære, skjære havre heller. Så ein påstand om at Margrete Munthe skreiv dei fyste ikkje-religiøse julesongane med nissemotiv, er det kanskje dekning for. Skal vi skrive det inn, eller skal vi vente på dokumentasjonen? -- Knut 17. desember 2008 kl. 17:41 (CET)[svar]
Eg synest det er best å ha sikker dokumentasjon før det ev. vert lagt inn att. --EIRIK\diskusjon 17. desember 2008 kl. 18:27 (CET)[svar]
Den som la det inn var Velle Espeland som er «dagleg leiar av Norsk visearkiv, folklorist, faglitterær forfattar og tidlegare omsetjar av teikneseriar». Hogne 17. desember 2008 kl. 18:41 (CET)[svar]
Han burde vere mannen for å dokumentere påstanden. Nokon som kan utfordre han til å bidra på denne wikipediaen, òg? - Knut 17. desember 2008 kl. 18:46 (CET)[svar]

I all hast...Reven rasker, enebærbusk etc. er gamle juleleikar som har vore i bruk særleg i juleselskap men også i annan sammanheng i mange hundre år. Da skikken med juletre spreidde seg på 1800-talet vart desse leikane knytta til gangen rundt treet, som er ein skandinavisk skikk. På låven sitter er eldste eksemplet vi har på ein konfesjonsfri julesong laga for bruk i skule og barnehage. God jul Velle 19. desember 2008 kl. 14:46 (CET)[svar]