Diskusjon:PSPad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Validering[endre wikiteksten]

Eg tok bort omtalen av validatoren, på grunn av at det ikkje var nemnt noko om det er ein innebygd vakidator eller om det er W3-validatoren for HTML og CSS som vert nytta. Eg vil tru (og vona) at det siste er tilfelle, men det bør sjekkast før omtalen av validering vert lagt inn i teksten att. --Sigmundg 14:39, 17 mai 2008 (CEST)

Validatoren i PSPad er eigentleg eit HTML Tidy programtillegg, så det skulle vel vere grei skuring? Heilt allment trur eg ikkje det er rett å "fjerne" funksjonalitet i omtalt programvare, sjølv om vi ikkje tykkjer om den aktuelle funksjonen. --Charlie 17:06, 22 mai 2008 (CEST)
Eg har lagt inn att eit omskrive avsnitt om valideringsfunksjonen for (X)HTML. --Charlie 16:49, 23 mai 2008 (CEST)

Eg kan vera delvis samd i at ein artikkel om ein teksteditor ikkje er den mest naturlege plassen for å åtvara mot bruk av FTP. Grunnen til at eg likevel la inn ei slik åtvaring er at mange ikkje er klår over for usikker FTP er.

Kommenraren er absolutt ikkje «synsing». Når ein loggar seg på ein FTP-tenar vert passordet overført i klårtekst. Om ikkje det er ein usikker protokoll, i ei verd det alle og ein kvar kan lasta ned gratis nettsniffarar, kva er då sikkert? Å nytta FTP på internett er ein open innvitasjon til innbrot. Det kan samanliknast med å setta dørene i huset sitt på vidt gap når ein reiser på feire. At ein editor har ein innebyggd FTP-klient er ikkje ein føremon, men eit sikkerheitsproblem.

Det finst krypterte protokollar, som til dømes ssh, som utfører same jobben som FTP, men på ein sikker måte. Mange Linux-distribusjonar har innebyggd ssh-klienten scp. For Windows finst det gratisk ssh-klientar, som til dømes WinSCP3 (med grafisk grensesnitt). Det er ingen grunn til å utsetta seg for innbrotsfare ved å nytta ein utdatert protokoll som FTP når det finst gode gratis SSH-klientar. Derimot er det all grunn til å åtvara mot bruk av FTP, om ein ikkje begrensar bruken til eit lokalnett som er isolert frå internett med ein brannmur. Det var denne faren som fekk meg till å innkludera åtvaringa. At det ikke høyrer «naturleg heime» i denne artikkelen tykkjer eg er ein akseptabel pris å betala om åtvaringa fører til at lesararne av nynorsk WP unngår innbrot på makinane sine. Eg vil difor oppmoa Brukar:Bep om å tenkja grundig gjenom om han ynskjer å sette inn att åtvaringa mot bruk av FTP på internett. --Sigmundg 15:58, 17 mai 2008 (CEST)

Kritikken av FTP-tryggleik er velkjend, og heilt på sin plass i artikkelen om FTP. Som du sjølv, er eg tvilande til om det er rett ta dette opp att i andre artiklar som nemner FTP-protokollen i ein eller annan grad.
Eg trur det er ei betre løysing å skrive "PSPad har ein innebygd FTP-klient, men støttar ikkje (det sikra alternativet) SSH. Så kan vi leggje til noko à la Tryggleiksproblem i FTP-protokollen under "Sjå óg"-avsnittet, eller lage eit "bokmerke" til avsnittet Manglande sikkerheit ved omtalen av FTP-klienten i PSPad. --Charlie 17:15, 22 mai 2008 (CEST)
Ja, det høyrest ut som ei god løysing. Så lenge lesarane vert oppmerksame på problemet er det ikkje så nøye korleis det skjer. --Sigmundg 17:23, 22 mai 2008 (CEST)
Samd i formuleringa til Charlie. Eg skal ikkje dra denne diskusjonen noko særleg lenger, mine hovudpoeng:
  • Åtvaringa mot bruk av FTP på Internett i artiklane om teksteditorar er ein påstand frå artikkelforfattaren (eg seier ikkje at den er feil), og dermed ikkje nøytral (det ville vere noko anna å skrive "Sikkerheitsselskapet Secure Transfer Corp åtvarer mot bruk av FTP på Internett" (oppdikta)).
  • Påstanden er teken ut av ein samanheng, den åtvarer mot all bruk av FTP på Internett. FTP kan vere sikkert nok dersom ein ynskjer å overføre ikkje-sensitiv informasjon til ein FTP-tenar med anonym pålogging.
Eg lurer også litt på kvar ein skal setje grensene for kva som er leksikonverdig på dette området. Eg har ikkje høyrt om PSPad før, og slik sett var det jo interessant. Men me vantar artikkel om min favoritt, EditPlus, og skal me ha ein artikkel om kvar teksteditor (og for å dra det lenger, alle dataprogram) som finst, så blir det mange; eg har vanskar med å sjå kvar denne grensa er sett no. Og det grensar lett opp mot forbrukarjournalistikk (som andre nettstader gjer betre). --Bep 17:47, 22 mai 2008 (CEST)
Artikkelen om PSPad er opplysande og nyttig. Det gjer vel ingen skade å ha artiklar om mange ulike brukarprogram, så lenge dei er nøytrale....
Eg vil oppmoa fleire bør uttala seg. --Sigmundg 17:57, 22 mai 2008 (CEST)
Det kan vel diskuterast kva som kvalifiserer eit program for omtale på nn-WP. Mitt vesle prosjekt er å omtale programvare som finst på nynorsk. --Charlie 18:08, 22 mai 2008 (CEST)
Eg såg ikkje den "raude tråden"; ja, då er dei i alle fall leksikonverdige i mine auge. --Bep 18:11, 22 mai 2008 (CEST)
Eg såg heller ikkje den grøne nynorsktråden (augo er som kjendt det fyrste ein vert blind på), men er samd i at det er fornuftig å ha artikklar om så mykje nynorsk programvare som mulig.--Sigmundg 18:35, 22 mai 2008 (CEST)
Eg la inn att den omskrivne FTP-passasjen. --Charlie 16:50, 23 mai 2008 (CEST)