Diskusjon:Pacaraima

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein brukar la ein dag i juli inn over tjue frø om kommunar i Brasil. Artikkelteksten i dei alle avgrensa seg til "X er en kommune i delstaten Y i Zregionen av Brasil." Dei vart lagt inn med eit minutts mellomrom, og det er ingenting i dei som tilseier at det var lagt ned noko forarbeid. To dagar tidlegare hadde same brukaren lagt inn nesten 40 frø med tekst avgrensa til "X er ein kommune i delstaten Y i nordøstregionen av Brasil." Også dei vart lagt inn med eit minutts mellomrom og utan spor etter noko førearbeid.

Artiklane har minimalt informsajonsinnhald og er utan referansar. Å gjere slike artiklar nyttige er mykje arbeid. Det som tek ein brukar 20 minuttar å leggje inn tek andre brukarar timar å rydde opp i.

I tillegg kan det takast med at "kommuner i Brasil" ikkje er eit tilfeldig vald emne for masseinnlegging av frø. Artikkelrekkja om brasilkommunane på bokmålswikipedia har ofte vorte nemnd som døme på stutte artiklar der, artiklar som somme ser som reint fyllstoff for å få opp artikkeltalet, tusenvis av småartiklar om emne ingen bryr seg om. (Artiklane på bokmålswikipedia er til skilnad frå dei her informative og dei har infoboks, koordinatlenkjer til kart, referansar og internlenkjer til relevante artiklar om andre administrative inndelingar i Brasil. Dei er nyttige artiklar.)

Desse artiklane er lagde inn her som hærverk. --178.232.136.3 20. desember 2012 kl. 14:20 (CET)[svar]

Nytten kjem gjennom interwikiane. Eit kvart frø med interwiki er ein inngangsnøkkel til mykje nyttig informasjon. Referansane finst på portugisisk wikipedia, som ein kunne vente seg. Sjølv om du ikkje finn nytte i dette så er dette informasjon som er all muleg grunn til å tru er korrekt og som har nytte for brukarar av nynorsk wikipedia som ynskjer å finne informasjon om denne kommunen. Hogne (diskusjon) 20. desember 2012 kl. 15:15 (CET)[svar]
No blandar du saman leksikon og søkjemotor. Til det du tykkjer du treng held det med t.d. Google. Då kan du søkje og finne den portugisiske artikkelen og så kan du bruke Google translate til å omsetje. Men dette er eit leksikon på nynorsk. Og det skal vere noko meir enn ein søkjemotor og maskinomsetjing.
Kor nyttig er dette: http://nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Arapiraca&oldid=2077082 --178.232.148.85 20. desember 2012 kl. 17:50 (CET)[svar]
Dette er tidlegare handsama på Samfunnshuset og rådande politikk er at frøa som inneheld rett og sakleg innhald ikkje skal slettast. Dei gir litt informasjon, og dei er til og med merka med opplysning om at innhaldet er tynt. Og enkelte gongar så spirar frøa og blir levande artiklar. Og "interwiki" og "Lenkjer hit", gjer at dette er betre enn Google.
Når det gjeld maskinomsetting så sa Rannveig ei gong på Samfunnshuset: "-(Svært) dårleg utføring kan vera slettegrunn for ein artikkel. Han kan få ligga nokre veker i ein oppryddingskategori, og så kan alt som ikkje passar her (eventuelt heile artikkelen) slettast. Elles bør me setja pris på at andrespråklege brukarar prøver å hjelpa oss; i det minste så lenge dei verker vera lydhøyre for korleis nn: vil ha det." Her på Nynorsk Wikipedia har som som grunntru at bidragsytarane vil godt. Det trur eg også om deg, vi har likevel ulike meiningar om kor mykje nytte som trengst for at ein artikkel skal få vere her.
Arapiraca ser betre ut no.
-- Hogne (diskusjon) 21. desember 2012 kl. 12:11 (CET)[svar]
Jamfør det Hogne skriv, so inneheld desse artiklane nyttig informasjon. Veit ein ikkje kva Pacaraima er for noko, går ein frå å vita inkje til å vita det mest sentrale om emnet etter å ha lese denne artikkelen. -- Njardarlogar (ordskifte) 21. desember 2012 kl. 12:38 (CET)[svar]