Diskusjon:Pantograf

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Straumavtakar? Hm, host, hark! Når ein overfører elektrisk energi flyt det rett nok ein elektrisk straum (ladning per tidseining), men for at denne straumen skal flyta trengst det ei elektrisk spenning. Produktet av elektrisk straum [Ampere] og elektrisk spenning [Volt] er elektrisk effekt [Watt = VoltAmpere]. Energi er produktet av effekt og tid [Joule = Watt x sekund = WattSekund] (energiverket fakturerer energi [kiliwatttimar], ikkje straum). Tanken på at nokon hadde dagdrøymt i fysikktimane for gjennom hugen, men det har eg ikkje tenkt å nemna noko om her.... Om vi skal finna på eit norsk namn (eg er ikkje i mot det) ville kanskje «energibru» vera eit betre framlegg? Men eg er ikkje sikker på at vi får trikkførar Ekko med på å inspisere «energibrua» på sporvogna. --Sigmundg 15:05, 1 mars 2008 (CET)