Diskusjon:Peer Gynt-vegen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Namn med orddelingsfeil, huff og huff. Det er nesten som om ein får lyst til å opplysa om det :) --Harald Khan Ճ 26. september 2008 kl. 17:28 (CEST)[svar]

Peer Gynt setervei var ikkje så mykje betre. Men Stadnamnlova gjeld òg for vegar, og vi bør følgje den i namneloven. De inneber m.a. at vi skal følgje alminnelege rettskrivingsreglar når vi brukar namnet.
Skal me flytte han til rett skrivemåte, men gjere merksam på at eigarane har ein annan og feil skrivemåte? --Ekko 26. september 2008 kl. 17:42 (CEST)[svar]
Den lova gjeld vel ikkje for private vegar? --Harald Khan Ճ 26. september 2008 kl. 17:59 (CEST)[svar]
Gjer ho ikkje det? Så vidt eg kan forstå av lova og av forskrifta gjeld dei same reglane for ein veg som for eit gardsnamn. Ein eigar kan ikkje bestemme korleis namnet skal skrivast, t.d. på eit kart eller i ein adresse. For vegar som for gardar er det mange opplysingar som kan vere interessant å nemne i artikkelen, men vi bør følgje dei reglane som gjeld for offentleg bruk. Derfor vil eg seie jo til Harald og svare ja på spørsmålet til Ekko. --Knut 26. september 2008 kl. 18:07 (CEST)[svar]
Med eller utan bindestrek? Er det ikkje Peer Gynt-vegen som ser best ut? --EIRIK\diskusjon 26. september 2008 kl. 18:15 (CEST)[svar]
Peer Gynt-vegen er den einaste rette måten å skriva namnet på so vidt eg veit. --Harald Khan Ճ 26. september 2008 kl. 18:27 (CEST)[svar]
Ser forresten at nettstaden www.peergyntvegen.no skriv namnet på vegen på tre ulike måtar på same sida! - Knut 26. september 2008 kl. 18:31 (CEST)[svar]

Men lov eller ikkje lov, eit oppslag på nettstaden www.yr.no syner at kartverket har godkjent vegnamnet Peer Gynt vegen. No er godkjent namn noko anna enn vedtatt namn, men likevel: kartverket gjer mykje rart, og det har dei gjort her. - Knut 26. september 2008 kl. 18:38 (CEST)[svar]

Ja, her burde dei vera skikkeleg flaue. Alta anna enn Peer Gyntvegen eller Peer Gynt-vegen er rett og slett gale. Du har vel dessverre rett i at me må godta det, men me kan vel gjera merksam på at skrivefeilen ikkje er vår? --Ekko 26. september 2008 kl. 18:59 (CEST)[svar]
Me kunne vel kanskje bakom oppslagsordet skriva "(på gjeldande norsk rettskriving: Peer Gynt-vegen eller Peer Gyntvegen)". --Harald Khan Ճ 27. september 2008 kl. 10:18 (CEST)[svar]
No kom eg endeleg in på norgesglasset, og eg ser at vegen er namnsett to stader langs strekninga på 6 mil på ØK. Ein stad står det «Peer Gynt vegen», ein annan stad «Peer Gynt-vegen». Begge skrivemåtane er altså godkjende. Ingen av formane er vedtekne. Vi kan mao flytte til bindestrek-forma om vi vil. Eg vil. -Knut 27. september 2008 kl. 19:58 (CEST)[svar]