Diskusjon:Petroleumsverksemda i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bytte av figur[endre wikiteksten]

Skifta ut Fil:Oil production Norwegian North Sea.PNG med Fil:Norsk oljeproduksjon pr aar pr felt til 2005.png. Grunngjeving: Den førstnemnte grafen tar berre med 8 av 30-40 produksjonsfelt.

Om kjelder[endre wikiteksten]

Kommenterte ut eit avsnitt som eg har vore opphav til på bm: Utan at det finst offentlege kjelder for det, kan det au ha vorte utført såkalla vitskaplege undersøkingar i form av magnetometriske målingar over sjøområda. Målingane kan gjerast frå fly utan at styresmakter er informerte. Normalt vil eit oljeselskap sitja på positive indikasjonar frå magnetometriske målingar før dei ønskjer å investere i seismikk som er meir kostbare og meir nøyaktige vitskaplege undersøkingar. Grunngjeving. Etter mange forsøk har eg ikkje funne skriftlege kjelder, har berre ei munnleg. Denne skolesida har ein figur som syner korleis innsamling av feltdata tidlegare skjedde med fly. Roarjo 19:17, 13 november 2006 (CET)

Det finst kjelder for dette. I ein artikkel i tidsskriftet First Break vert slike undersøkingar skildra. [1] Sjå Moris, Derek: The value of gravity and magnetic surveys in exploration of the European North West Continental Shelf, 1945-1975 : Non-seismic technology Derek Morris, managing director of UK company Hunting Geology and Geophysics from 1982-1987, recalls the early days of gravmag' surveys in the North Sea and how companies were slow to realise their potential in the search for hydrocarbons. First Break 2001, vol. 19, no9, pp. 519-523. Farouk Al-Kasim skriv om slike undersøkingar i boka "Managing Petroleum Resources. The Norwegian Model in a broad perspective", [2] [3] Så ymse magnetometriske målingar frå fly vart gjort. --Gunnernett 16:23, 14 november 2006 (CET)

Takk for kjeldene, då sett eg avsnittet inn igjen. Roarjo 20:15, 20 november 2006 (CET)

Einingar på grafar[endre wikiteksten]

Dette var godt skriven og informativ artikkel, men dei to grafane bør ha einingar (på begge aksane). Det var fyst då eg fann på å klikka på den fyrste grafen at eg fann teksten "Eining er millionar standardkubikkmeter pr år". Truleg vil berre eit mindretal av dei som les artikkelen finna denne teksten. Wikipedia er ikkje eit vitskapelig verk, men eg meiner likevel at alle grafar bør ha einingar på alle aksar.

Er nemninga «standardkubikkmeter» [Sm³] eit vanleg omgrep i oljeindustrien? Ein kubikkmeter er vel ein kubikkmeter, så kvifor er det naudsynt med forstavinga «standard»? --Sigmundg 00:16, 21 november 2006 (CET)

Eininga fat (en:Barrel (unit)) er vanleg eining for mål på råolje. BP Statistical Review [4] nyttar òg tonn. Frå 1996 gjekk Oljedirektoratet over til ISO-standardar og har gjeve tal for oljemengder i millionar Sm3 (standard kubikkmeter), i følgje pressemelding: [5]. Forstavinga standard er med for å vise at tala er rekna om frå målte verdiar (under temperatur som kan vere høg), til verdiar som gjeld standardvilkåra 15 °C og 1,01325 bar og det kan sjølvsagt diskuterast kor stor relevans det har for Wikipedia. Den nye grafen kan gjerne få eining, ja. Roarjo 22:07, 23 november 2006 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [6]. BepBot 25. august 2008 kl. 01:53 (CEST)[svar]

[daud lenkje]