Diskusjon:Petter Dass

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Då eg prøvde å finne ut kven som hadde laga statuen (Skule Waksvik) fann eg denne artikkelen: http://www.nored.no/artikkelbase/sfopphav99.html Har me eigentleg lov til å bruke bilete av denne statuen? --Jorunn 30. juli 2005 kl. 19:03 (UTC)

Nei, når statuen er hovudfiguren i bildet har me dessverre ikkje det. Det same gjeld forresten Sverd i fjell, som snart vill bli sletta frå Commons. -- Ranveig 31. juli 2005 kl. 08:57 (UTC)
Når det gjeld Petter Dass går det vel truleg å finna avbildingar som ikkje er opphavsrettverna, så det er vel ikkje så farleg eigentleg, men når det gjeld nyare fenomen som Sverd i fjell inneber opphavsrettsvernet kanskje at me ikkje får illustrert artikkelen om monumentet, og det er jo dumt. I ein artikkel om Sverd i fjell seier eit bilete meir enn tusen ord. Viss det lot seg gjere å ta eit bilete av meir av området rundt, der sjølve monumentet ikkje så tydeleg er hovudpunktet i biletet ville det då vere mogleg å bruke eit bilete med Sverd i fjell i biletet? Ditto med til dømes Frognerparken, er det lov å bruke eit bilete av heile brua i parken, men ikkje eit nærbilete av til dømes Sinnataggen? Eller eit bilete av Torgalmenningen i Bergen og få med Sjøfartsmonumentet (Dyre Vaa) i biletet, men ikkje ha eit bilete berre av Sjøfartsmonumentet? --Jorunn 31. juli 2005 kl. 17:08 (UTC)
Som du kanskje såg i artikkelen er grensene svært uklåre. Arvind seier: Så lenge den opphavsrettsverna tingen er hovudmotiv for bildet, er det ufritt. Kva tid noko er hovudmotiv og ikkje er sjølvsagt ikkje alltid lett å sei. Eit bilde av heile Møllebukta med Sverd i fjell i utkanten, og ei bildeskildring som seier «Sverd i fjell set sitt preg på Møllebukta» (og ikkje «Eit bilde av Sverd i fjell»), skulle me ha vårt på det tørre. Det same gjeld Torgallmenningen. -- Ranveig 31. juli 2005 kl. 17:23 (UTC)

Signaturen kan ikkje vere frå nokon folketeljing, sidan det første folketeljinga i Noreg vart heldt i 1769. Nokon som kan spore biletet og finne ut kor signaturen er henta frå? Knut 23:31, 2 januar 2007 (CET)

Frå Statsarkivet: Manntalet 1701 er sett opp av prestane, futane og sorenskrivarane, men det er berre ei liste for kvart distrikt. Heller ikkje denne gongen fann ein det nødvendig å telje kvinnene. Gutar under eitt år er ikkje med. Manntalet har dei same opplysningane som den forrige teljinga. Fråverande søner er òg førde opp. Manntalet 1701 er gått tapt for store delar av landet, særleg sønnafjells. [1] Eg endrar frå folketeljing til manntal. stykkjet 11:45, 3 januar 2007 (CET)

Biletet av statuen er vel dessverre ikkje lovleg? stykkjet 11:48, 22 januar 2007 (CET)

Nei. Eg tok det ut. --Ranveig 12:23, 22 januar 2007 (CET)
Eg er ikkje samd i at biletet av statuen var ulovleg. Det var ikkje sett inn som ei utsmykking, men som ein illustrasjon på at Petter Dass har inspirert kunstnarar som lever i dag. Knut 13:49, 22 januar 2007 (CET)

Ikkje noko problem at peikarane til salmene vart fjerna , men eg ser at svensk wikipedia har skrive dei inn med peikarar, og det å skrive om salmane kunne bli aktuelt i Noreg òg - slik som det er skrive om fleire plateutgivingar.Knut 13:49, 22 januar 2007 (CET)

Dødsdatoen[endre wikiteksten]


Innhaldet nedanfor er kopiert frå Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 33, 2007 ----

Er det slik at den offisielle datoen er 17. august? Spør berre pga. at nokre andre wikipediaer (t.d. nb:, en:) seier 18. september, mens de: seier august (utan dato). Du har sikkert rett. --Erlend 21:17, 31 juli 2007 (CEST)

No ser eg faktisk at det står dato på nn:, sjølv om det ikkje stod i parentesen etter namnet. 17. august er nemnt under "Petter Dass sitt liv". --Erlend 21:22, 31 juli 2007 (CEST)
Strengt tatt veit vi ikkje når Petter Dass døydde. I kyrkjeboka er det berre notert dato for gravferda 18. september. Men i følge Kåre Hansens biografi oppgav kapellan i Nesna, Johan Hanssøn Klæbo, dødsdatoen til 17. august i eit brev han skreiv i 1716. Dette skal vere den einaste kjente kjelda for dødsdatoen. Boka til Hansen er omdiskutert når dei gjeld tolkingar, men ingen har betre enn han leita fram kjelder som gjeld Petter Dass. - Knut 22:43, 31 juli 2007 (CEST)

Slutt flytta innhald -Knut 22:09, 1 august 2007 (CEST)


Kjelde for karakteristikk av boka til Kåre Hansen: Klassekampen 26.6.2007

Poenget med kritikken er ikkje at han siterer feil frå kjeldene, men at han ikkje er i stand til å tolke dei, les dei anakronistisk. Dødsdato hit eller dit kjem med andre ord ikkje inn under kritikken av arbeidet hans. I dette tilfellet mao. Kåre Hansen. Trondtr 10:06, 8 oktober 2007 (CEST).

Eg vil gjerne ha ei kjelde for påstanden om systematisk og målmedveten tilegning av gods, posisjonar og inntekter. Ekko 09:20, 8 oktober 2007 (CEST)