Diskusjon:Petter Northug

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Northug er vorte kjend som ein kontroversiell person, etter at han i fleire samanhengar har framstått som sleivkjefta og usympatisk. Kva er gale med denne setninga? Guten er jo meir kjend for kommentarane sine enn for prestajonane i langrennssporet. --Cato 22. februar 2009 kl. 20:07 (CET)[svar]

Nå har ikkje eg før dette følgd så mykje med på kva han har sagt utanom renna i seg sjølve (der han gjer det svært godt), men då du skreiv dette søkte eg på Google-nyheiter og fekk fram denne sida. Då skjønar eg korfor du skreiv det som stod der, så det er fritt fram for å rulle tilbake. Eg hadde ikkje fått med meg dei sitata, orsak for det. Helsing frå Martin 22. februar 2009 kl. 21:29 (CET)[svar]
Eg greidde (heldigvis) ikkje opne sida martin gav oss lenkje til. Men uansett synst eg vi skal vere forsiktige med slike negative karakteristikker, spesielt i korte artiklar, sidan dei vert ekstra dominerande der. Nordtug er mest kjend for sitt fantastiske rykk. - Knut 22. februar 2009 kl. 22:29 (CET)[svar]
Godt poeng der, og det var det som var årsaka til at eg fjerna setninga. Eg er usikker på om det bør stå der eller ikkje. Helsing frå Martin 23. februar 2009 kl. 20:07 (CET)[svar]
I hovudsak skal slike påstandar utan pålitelege kjelder fjernast omgåande, og sensasjonsavisa VG er vel ikkje kjend for å ikkje blåse opp "fjør" heller. Er han kjend for dette, finnes det vel liknande kjelder andre også stader? Om ikkje, så går ikkje verda under om me ikkje har det med. Anders 23. februar 2009 kl. 20:47 (CET)[svar]
Det kunne sikkert vært mulig å finne ei formulering som ivaretar den objektive kjerna i setningen: at Petter er spissformulert på ein måte som kan oppfattast som arrogant. Men den setningen som er tatt ut, har ikkje noko i eit leksikon å gjere. For det første kan «kontroversiell» tyde kva som helst: både Runar Døving, Hugo Chavez og ulven i Rendalen er kontroversielle, for det andre er «sleivkjefta» ei lada formulering, og for det tredje er «usympatisk» ein subjektiv konklusjon, ikkje ein objektiv analyse. --MHaugen (Orland) 23. februar 2009 kl. 22:45 (CET)[svar]
Det meste er sagt, men Cato: Les den setninga to gonger inni deg. Innimellom kan du tenkje tanken: Eg skriv for eit nøytralt og objektivt leksikon. Dette høyrer ikkje heime her, slik er det, og slik vil det bli. Punktum. --Bep 23. februar 2009 kl. 22:53 (CET)[svar]
Kva i alle dagar er det dokke diskuterer? Setninga er jo fjerna, og eg bestemte meg for å godta begrunnelsen som Knut skreiv i går kveld. Men å argumentere imot ved å hevde at det manglar kjelder for at han er arrogant, det blir berre dumt. De trur vel ikkje VG sit å finner på ting for så å hevde han har sagt det. Alle som følgjer godt med i skiidretten veit jo at han er større i kjeften enn dei fleste av konkurrentane. --Cato 24. februar 2009 kl. 00:19 (CET)[svar]

Påstand og fakta[endre wikiteksten]

Eg veit ikkje kven som har skrive det, men i artikkelen no så står det: Petter Nordtug er kjend som ein av dei beste spurtarane i verda. Dette er jo like mykje ein påstand som det er ein påstand å skrive for eksempel at Northug har vorte like mykje kjend for dei arrogante kommentarane sine som for innsatsen i langrennssporet. --Cato 24. februar 2009 kl. 00:23 (CET)[svar]

Det er ein påstand som det er mogleg å dokumentere med kjelder (han har vunne mange spurtar); arrogant, usympatisk og sleivkjefta er subjektive påstandar. No trur eg at artikkelen om Petter Northug blir betre av at me fokuserer på å gjere han betre (som å leite etter spurt-statistikk), heller enn å leite etter feil hjå andre. --Bep 24. februar 2009 kl. 01:57 (CET)[svar]

Lovbrudd (august 2020) som er direkte knytt til ham[endre wikiteksten]

  • [1] råkjøring. Førerkortet blei beslaglagt. Politisaker som blander inn blodprøve eller funn hjemme hos ham: Media har ikke skrevet at han er skyldig i ting som relaterer til blodprøve. Media har ikke skrevet at han er dømt for greier som er relatert til sitt hjem. 89.8.91.221 15. august 2020 kl. 18:10 (CEST)[svar]
  • Ikkje knytt direkte opp mot han, inntil vidare, kan ein kanskje seia: Oppbevaring av narkotika.
    No skriv artikkelen om siktelse for ruspåverka køyring.
    Referansene skriv ikkje at andre personer er utelukka som eigar av narkotika funne heime hos han. Eg trur at oppbevarings-narrativ, kanskje bør venta til han evt. tar på seg skyld eller evt. blir dømd for det. 89.8.80.18 17. august 2020 kl. 15:10 (CEST)[svar]