Diskusjon:Pippa Middleton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvifor slette denne artikkelen? Dette er ein offentleg person. Eg meiner det er betre å gjere artikkelen litt meir seriøs og "tørr". Kaffilars 2. mai 2011 kl. 18:25 (CEST)

Det er ikkje nok å vere i slekt med ein leksikalsk person for å ha eigen artikkel her.--Andreasv 3. mai 2011 kl. 10:03 (CEST)

Det er betre å legge inn eit par linjer om henne i artikkelen om Kate Middleton. --KRISTAGAα-ω 3. mai 2011 kl. 10:46 (CEST)

Eg meiner prinsipielt at ein slik slettediskusjon som går på om personen er leksikal bør skje der artikkelen har best kjelder, i dette tilfelle engelsk wikipedia. Eg er sterkt imot at vi skal slette artiklar som andre wikipediar meiner er leksikale. Hogne 3. mai 2011 kl. 12:16 (CEST)
Nei. Eg frårår på det sterkaste å sjå til en: når det gjeld slettediskusjonar, der bruker dei alt for mykje tid og bokstavar på det. Som Andreas seier pleier me på nn: ikkje å ha artiklar om folk som berre er i slekt med nokon som er kjende. Pippa Middleton har så vidt eg veit berre opptrådd offentleg éin gong, sist fredag. Då kan ho ikkje kallast nokon «offentleg person». Eg meiner det passer betre å nemna alle familiemedlemma og barna som deltok i bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton, men ikkje er kjende på noko anna vis, i artikkelen om det. --Ranveig 3. mai 2011 kl. 12:43 (CEST)

Pippa Middleton er omtala i fleire tusen nyhendeoppslag, i mange av dei er ikkje systera nemnd. Artikkelen om henne på engelsk Wikipedia er vitja nær 2 millionar gonger. Ho er framstilt i ein film. Det er absolutt offentleg interesse om denne personen. Det ser no ut til at interessa for henne heller ikkje vil avta monaleg.

Vi har òg truverdige kjelder på det vi skriv og vi har bilete.

Dette er argument eg har funne på engelsk wikipedia og som eg meiner vi skal ta omsyn til og ikkje slette artikkelen!

Dersom vi ikkje vil ha lange slettediskusjonar, må vi ha klare gode reglar som alle er samde om å fylgje, eller vere sers varsame med å slette, noko eg meiner vi har vore her på nnwiki. Regelen om "ikkje å ha artiklar om folk som berre er i slekt med nokon som er kjende" ser eg på mest som eit vern for slike menneske som ikkje vil at deira liv skal bli lagt ut fordi dei er bror eller fetter til ein kjendis. Her har nynorsk wikipedia ingen innverknad så lenge det finst ein artikkel på enwiki.

Det er nokon som er perfeksjonistar og har elitiske krav til kva ein skal få lov til å skrive om på wikien. Det meiner eg at vi ikkje har råd til her på nnwiki, sidan dette skremmer bort bidragsytarar. Mbh inklusjonisten Hogne 3. mai 2011 kl. 14:58 (CEST)

Det er eit poeng i regelen om å ikkje inkludera artiklar om folk som berre er i slekt med kjendisar. Eg har fått med meg at artiklane om borna til David Beckham, t.d. Romeo Beckham har vorte sletta fordi dei ikkje er kjend for noko anna enn å vera son til far sin. Det skjønar eg. Av same grunn skreiv eg ingen artikkel om Joh'Vonnie Jackson, halvsystera til Michael Jackson, då eg skreiv artiklar om Jackson-familien. Ho har ikkje gjort nokon karriere.
Me har heller ingen artikkel om Marius Borg Høiby, sjølv om han er son til Mette-Marit. Så sjølv om det dreier seg om kongefamilien, er det ikkje nok å vera i slekt med ein kjendis.
Opphavleg syntes eg det var greitt å behalda denne artikkelen. Men ein stad må grensa gå, og no er eg faktisk meir tilbøyeleg til å sletta han. Reglar er ein gong til for ein grunn. HallvardLid 3. mai 2011 kl. 16:10 (CEST)
...Og når det gjeld dette som Hogne nemner om at regelen er "eit vern for slike menneske som ikkje vil at deira liv skal bli lagt ut fordi dei er bror eller fetter til ein kjendis.", trur ikkje eg det er einaste grunnen til denne regelen. Det har òg med å gjera at me skriv eit leksikon. Eit leksikon kan innehalda mykje forskjellig av ulik relevans, men ikkje kva som helst. Og sjølv om Engelsk Wikipedia så langt har ein artikkel om Pippa Middleton, kan det godt henda at det finst wikipediautgåver på andre språk som medvite har valgt å ikkje inkludera denne artikkelen. HallvardLid 3. mai 2011 kl. 16:54 (CEST)

Ho har no artikkel på alle dei store Wiki'ane, til og med på nb-wikien beheld dei artikkelen ser det ut til. Ei regel er fin å ha, men denne regelen må få eit unnatak. Ho er helt klart notabel nok no, på eigne bein. Eg kjem til å fjerne slettemerkinga om ei vekes tid med grunngjevinga: Ikkje semje om sletting, andre viktige wikipediar som på engelsk, tysk, fransk, spansk og bokmål har konkludert med at Pippa Middleton er viktig nok for ein artikkel. Stadig nye nyhendeoppslag vitnar om det same. Hogne 9. mai 2011 kl. 09:37 (CEST)