Diskusjon:Plaster

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit plaster er ikkje berre eit sårplaster. I farten kan eg koma på medikamentplaster som tilfører kroppen medikament gjennom huda, som t.d. nitroglycerinplaster, smertestillande plaster (morfinplaster); hormonplaster (til prevensjon og til lindring av bortfallsplager i overgangsalderen) og reisesjukeplaster («sjøsjukeplaster»). Bør det koma inn ei fleirtydingsside her, eller bør kvart plaster ha si eiga nemning i dei artiklane om dei som vonlegvis med tida dukkar opp i Nynorsk Wikipedia? --PerPlex 21:19, 23 november 2006 (CET)

Kva med ein lang og god artikkel først om ulike plaster («utvida fleirtydingsside»), og deretter eigne artiklar for dei som treng det? --Ranveig 21:29, 23 november 2006 (CET)
Er ikkje heilt sikker på om eg skjønar rett kva du meiner; er det å leggja fleire avsnitt inn i Plaster-artikkelen? I så fall kjem nok teksten om dei ymse klistremerka inn på denne måten, men er vel ikkje så lett søkbar? Eller har du noko anna i tankane? --PerPlex 21:35, 23 november 2006 (CET)
Fleire plaster til artikkelen blir mykje lengre, ja. Søking kan hjelpast med mange omdirigeringar, og peikarar til plasterartikkelen i artiklar om reisesjuke, smertestillande middel, prevensjon o.a. --Ranveig 21:50, 23 november 2006 (CET)