Diskusjon:Politiske parti i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne lista er ikkje rotete. Kvifor er det ryddemal her? --Tannkrem 15. mai 2010 kl. 19:55 (CEST)

Det er gjort mange endringar siden malen vart plassert her, og kanskje ryddig nok no? --Knut 15. mai 2010 kl. 21:10 (CEST)
Eg synest framleis det er litt rotete å blanda stortingsparti med dei som er meir lokale, som Felleslista (Selbu). Sjå på nb:, der har dei skild mellom dei store og dei litt mindre. --Ranveig 16. mai 2010 kl. 12:34 (CEST)
Eg tenkte tanken eg òg. Men «litt mindre» er ein vanskeleg kategori. Kor går grensa mellom parti og lista? Kva med valsamarbeid av eitt eller fleire parti saman med uavhengige? Kanskje me kan dela dei opp om lag slik som på nb:, men eg synest det er upresist å kasta både Akp og Solidaritetslista for parti, utan vidare kommentar. Det første stilte aldri til val, og det andre har aldri vore eit parti, men er ein samanslutnad av to parti med ei kort felles plattform. LO stilte til val ein eller to gonger og vart representert på Stortinget, er LO då eit parti? Og når det gjeld tidlegare parti, er det nok å ha stilt til val ein gong (i ein kommune), eller må dei ha spela ei historisk rolla ein eller annan stad for å koma på lista? --Tannkrem 16. mai 2010 kl. 13:17 (CEST)
Det kan ikkje vere noko vilkår at partiet har stilt til val. AKP stilte aldri til val, det eg veit, like fullt var det eit politisk parti. Men ei valliste er ikkje noko parti. Så er det slike feil i artikkelen, er det ikkje berre rydding so skal til, men ei skikkeleg oppvask. -Knut 16. mai 2010 kl. 14:25 (CEST)
Solidaritetslista står på nb-lista, det er eit valsamarbeid mellom Raudt og SV. Felleslista (Selbu) er eit samarbeid mellom Krf, V og Sp, det einaste dømet frå denne lista. Akp har alltid kalla seg eit parti, men forslaget frå Ranveig var å dela inn etter valdeltaking og -oppslutnad, som på nb. Ei slik inndeling er ikkje relevant for Akp. Føreslår følgjande inndeling:
  • Parti som er eller har vore representert på Stortinget (Same som på nb)
  • Parti som er representerte i kommunestyre eller fylkesting (Ikkje ad hoc- eller samarbeidslister, ikkje tidlegare parti, men inkludert parti som ikkje står i det nasjonale registeret)
  • Tidlegare parti og parti som ikkje er representerte i kommunestyre eller fylkesting (gjerne med ein liten kommentar om tidspunkt og kva dei har oppnådd).
Eg ser ikkje noko stort poeng i å ha ein eigen kategori for bittesmå parti som ikkje er representerte nokon stad. Dei vil verta vanskelege å oppdatera pga lite omtale elles, difor er det betre å ha dei saman med tidlegare parti. --Tannkrem 16. mai 2010 kl. 14:45 (CEST)
No har eg delt omtrent slik Tannkrem føreslår. Men eg synst ikkje vi skal ha med vallister og valsamarbeid, sjølv om dei får mange røyster. Dei kan vi heller ha i ein eigen artikkel. Følgjeleg høyrer etter mi meining ikkje Raud valallianse og Sosialistisk valforbund heime her, heller ikkje Borgarleg fellesliste og ulike versjoner av Bygdelista. --Knut 16. mai 2010 kl. 15:02 (CEST)
PS: Om det er rett, som eg les, at Raud valallianse vart etablert som politisk parti, skal dei sjølvsagt med. -Knut 16. mai 2010 kl. 15:04 (CEST)
RV var eit parti frå 1990, så dei høyrer heime på lista. Sosialistisk Valforbund er eg meir usikker på. Eg slår saman dei to siste kategoriane i lista. Det kan vera glidande overgangar mellom miniparti og nedlagt miniparti, og det vil vera umogleg å følgja opp kva miniparti som har hatt landsmøte /årsmøte dei siste to åra slik at me kan skilja mellom nedlagde og drivne miniparti. --Tannkrem 16. mai 2010 kl. 15:06 (CEST)
Hundre prosent oppdatert er lista enno ikkje, fordi det sannsynlegvis finst fleire mindre, nedlagde parti som kunne ha vore med. Men no har me iallfall dei viktigaste med.
Kan godt ha ei lista over Politiske rørsler og vallister eller liknande, men det er for spesielt interesserte, får ein vel seia.
Så må me vurdera om me skal ta med dei samiske partia. Dei som stiller i kommunar og fylkesting må sjølvsagt med, men viss dei berre stiller til sametingsvala er det litt verre. Det er liksom litt på sida av det vanlege politiske hierarkiet. --Tannkrem 16. mai 2010 kl. 16:12 (CEST)

Litt rydding før 17. mai gjorde susen. Dei ulike partia/listene til sametinget bør heller få sin eigen artikkel. Dei er ikkje regulerte av partilova, sjølv om dei er nemnde i § 3. Det som manglar no, er ein presis definisjon av omgrepet politisk parti i Noreg. Knut 16. mai 2010 kl. 20:58 (CEST)

Andre parti som ikkje står i partiregisteret er vel heller ikkje omfatta av partilova? Vil tru det gjeld fleire parti på denne lista. --Tannkrem 17. mai 2010 kl. 00:10 (CEST)
Alle parti som stiller til val til kommunestyre, fylkesting eller stortingsval er registrerte etter partilova, slik eg forstår ho. Men det var dette med definisjonen av parti. --Knut 17. mai 2010 kl. 07:26 (CEST)
Ein treng 5000 underskrifter for registrering. Ein treng berre 500 for å stilla til kommunestyreval. Definisjonen av eit parti må vel vera noko slikt som «alle som kallar seg eit parti, og som har ein organisasjon med leiing, vedtekter og landsmøte». Korleis me skal formulera det i ein artikkel, er ei anna sak. --Tannkrem 17. mai 2010 kl. 17:36 (CEST)