Diskusjon:Pretoria

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pretoria → Tshwane[endre wikiteksten]

Eg flytta visst artikkelen til Tshwane litt for tidleg, etter at dei hadde sagt på Dagsnytt at byen offisielt hadde skifta namn den 26. mai, og etter å ha sjekka det mot norske kjelder som m.a. CapLex. Men det er visst berre lokale myndigheiter og det offisielle Det sørafrikanske rådet for geografiske namn som har ratifisert namneendringa enno, og Ranveig har vel rett i at det er dei statlege myndigheitene som har det siste ordet.
--Verdlanco\ordskifte 5. jun 2005 kl. 2210 (UTC)

Den sørafrikanske kulturministeren sa på fredag at det slett ikkje var sikkert det blei noko av namnebytet, så då må me vel stola på han. Men det skulle ikkje forundra meg om me må endra på ting igjen til veka. Eg har i alle fall fått Google til å varsla meg om ting skjer. -- Ranveig 5. jun 2005 kl. 2311 (UTC)
Fiffig! Korleis gjer du det?
--Verdlanco\ordskifte 8. jun 2005 kl. 0716 (UTC)
Du søker etter noko i google-news. I venstre spalte står det "News Alerts". Der er det bare å skriva seg opp, og det einaste du får er nyhende; ikkje noko spam. -- Ranveig 9. jun 2005 kl. 2113 (UTC)