Diskusjon:Prosessinstrumentering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Eg har noko av same kommentarane her som om reguleringsteknikk. Dette er ein artikkel om instrumentering innan prosessindustri. Eg meiner at dette bør gå fram av namnet på artikkelen.

Her er eg usamd med deg. Denne artikkelen er så liten at han har plass til mykje informasjon om andre typar instrument og oppkoplingar. Eg veit ikkje særleg mykje om resten av emnet, difor har eg skrive noko om det eg kan. Men kanskje definisjonen og oppsettet av artikkelen bør endrast så det passar til ein vidare artikkel. --Tannkrem 20:43, 31 oktober 2006 (UTC)
Ja, om ein etter ei generell innleiing skriv ansnitt om ulike typar instrumentering kan det fungera bra, men artikkelen kan verta lang om ein skal skriva om mange område innan instrumentering. Fagområdet er omfattar sensorar, noko kommunikasjon, galvanisk isolasjon, EMC, råprosessering (støyfiltrering, o.l.), datafusjon, osb. Det er òg mange svært ulike brukarområde, som til dømes flyindustri, romfart, skipsfart (sonar, ekkolodd, ...), petrokjemisk prosessindustri, elektroakustikk, seismikk, bilindustri, metrologi, biologi, medisin, osb., osb. --Sigmundg 23:25, 31 oktober 2006 (UTC)
Her er det vel òg litt eit spørsmål om kor breitt ein definerar ordet instrumentering. Ordet vert vel helst brukt om det eg har skrive om, og nærliggjande område? Dei fleste som kallar seg instrumentteknikarar e.l. i Noreg og verda rundt jobbar vel med denne typen utstyr? Eg er ikkje sikker, men trur det. Men eg er open for utbetringar, og wikipedia tek sikkert ikkje skade av å ha artiklar om instrument på alle dei bruksområda du nemner. Og nokre av delane du deler fagområdet inn i er òg relevante for prosess-instrumentering. --Tannkrem 23:51, 31 oktober 2006 (UTC)
Og musikk... --Bep 23:57, 31 oktober 2006 (UTC)
Det har du rett i. Det finst òg kirurgiske instrument, optiske instrument, osb. Som eg kommenterte ovanfor finst det mange andre ingeniørfag der instrumentering har ei anna tyding enn det som står i denne artikkelen. Det som no står om "Instrumentering i prosessanlegg" er greit nok for dette fagfeltet. Men om ein skriv noko liknabde for 10 - 15 andre fagfelt vert artikkelen lett uoverifktleg. Eg vil rå til at det vert oppretta eigne artikklar for kvart fagfelt og at artikkelen "Instrumentering" vert gjordt om til ein oversynsartikkel, som berre inneheld ei stutt innleing, omlag som i artikkeleane "Måleinstrument" og "Akustikk". --Sigmundg 20:01, 4 november 2006 (CET)


Når det gjeld musikk er vel ikkje instrumentering eit ord som vert nytta, så vidt eg veit. Men eg har laga fleirtydingssida på instrument, der eg m.a. har lagt inn musikkinstrument. --Tannkrem 00:06, 1 november 2006 (UTC)
Det er eit éige fag på musikkhøgskulen: Komponering og instrumentering (30 studiepoeng --Bep 14:25, 4 november 2006 (UTC)
Denne artikkelen handlar framleis om instrumentering innan prosessindustrien og det bør gå fram av tittellen. Kva med "Instrumentering innan prosessindustrien"?
Kva tyder ordet "grannsemd"?
Med "HART-kompatible" går eg ut frå at du meiner kompatible med instrument frå føretaket "Hart Scientific"? Tenkjer du på eit proprietært grensesnitt frå dette føretaket? Men det finst òg mange standardar innan prosessinstrumentering og enda fleire innan instrumentering generelt. Til dømes OPC (OPen Connectivity), som er ein standard og ikkje berre eit grensesnitt definert av eit kommersielt føretak, bør vel vera med her. Ein bør trø varsamt når ein skriv om "de facto industristandarar" som ikkje er opne standardar. Eg meiner ikkje at dei ikkje bør nemnast (sume erviktige), men det bør gå klårt fram at det ikkje er offisielle standardar, men grensesnitt/retningslinjer kontrollerte av eit einskild føretak. Slik kontroll kan vera svært verdifull for det føretaket som sit med kontrollen. Problemet er at dei òg kan vera konkuransevridande. --Sigmundg 06:16, 1 november 2006 (UTC)
Du får flytta artikkel om du meiner han ikkje er relevant slik han står no. Eller du kan leggja til nok informasjon om andre ting til at han vert relevant. Eg flyttar han ikkje. For eg meiner at han ikkje bør flyttast. Iallfall ikkje før me har ein betre artikkel å erstatta han med.
Grannsemd er eit nynorsk ord for "nøyaktighet" -> [1]
HART-protokoll er ein standardprotokoll for digitale prosessinstrument som er utarbeidd av femti instrumentleverandørar verda over. Hart står for Highway Addressable Remote Transducer. Hart-protokollen baserar seg på toleiar likestraum 4-20 mA. Me brukar då ein HART-kommunikator til å kommunisera med andre instrument. Dette er ein handterminal som alle leverandørane av HART-kompatible instrument leverer. Hart Scientific veit eg ikkje kva er. --Tannkrem 10:14, 1 november 2006 (UTC)