Diskusjon:Rørslemengd

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Massefart er vel både meir eit presist og eit meir beskrivande namn enn rørslemengd? Kanskje artikkelen burde heite Massefart? --Sigmundg 19. februar 2012 kl. 13:52 (CET)[svar]

Nei, det syns eg ikkje. Rørslemengd (eller bevegelsesmengde) er eit særs innarbeidd omgrep. Er dessutan snøggleik synonymt med fart eller hastigheit? Snøggleik er omdirigert til hastigheit. Om snøggleik og hastigheit er synonyme er dei då òg like presise og ikkje naudsynt å byte om. --Frokor 19. februar 2012 kl. 14:01 (CET)[svar]
Eg hadde eigentleg tenkt å foreslå «massehastigheit», ikkje «massefart» som eg skreiv. Grunnen til det er at både massehastigheit og hastigheit er vektorar. Frå ein språkleg ståstad er kanskje «massehastigheit» noko tynge å uttala enn «massefart» og «rørslemengd», men eg meiner at presisjon bør gå framom «poesi» når det gjeld fysiske omgrep. Snøggleik definerer nynorskordboka som «det å vere snøgg», som eg oppfattar som mindre presist enn «fart» (ein skalar). Så «hastigheit», «fart» og «snøggleik» er ikkje synonyme og snøggleik burde kanskje ikkje vore omdirigert til hastigheit. --Sigmundg 19. februar 2012 kl. 15:06 (CET)[svar]
Og under hastigheit skriv ordboka «det å vere hastig; snøggleik, fart». Å vere hastig er vel neppe særleg presist heller.... Fart er definitivt ein skalar (storleiken til hastigheit (og snøggleik?). Ut frå det som står i ordboka tolkar eg hastigheit som synonymt med snøggleik.[1][2][3]. Eg har i alle fall store vanskar med å sjå korleis det eine kan vere mindre presist enn det andre (med mindre snøggleik er synonymt med fart...) --Frokor 19. februar 2012 kl. 15:14 (CET)[svar]
Nynorskordboka ser ut til å definera fart som talverdien til ein snøggleik. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 16:04 (CET)Njardarlogar Såg ikkje semikolonet. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 16:45 (CET)[svar]
Nynorskordboka var truleg ikkje skriva av fysikarar. Eg oppfattar fart som meir presist enn snøggleik. At hastigheit er meir presist enn fart kan det vel ikkje vera tvi om, etter som fart er ein skalar og hastigheit er ein vektor. Om snøggleik er ein skalar eller ein vektor veit eg ikkje. Men Frokor har eit poeng når han nemner at «rørslemengd» er eit innarbeidd omgrep. Men det er òg ein innarbeid praksis å nytta kg som eining for krafta vekt, men ein finn truleg ikkje så mange fysikarar som seriøst vil argumentera for at det kan forsvarast. Eg meiner at eit leksikon bør vera så presist som mogeleg og at gamal (u)vane ikkje bør stå i vegen for presisjon. --Sigmundg 19. februar 2012 kl. 16:16 (CET)[svar]
Sidan fart er definert som talverdi, er det naturleg at snøggleik vert knytt til vektorar. At «hastighet» er knytt til vektor og «fart» til talverdi på bokmål er vel tilfelleleg, det er eit val ein har gjort. Ordet hastigheit vart teke opp i nynorsk so seint som i år 2000, og før den tid har ein ikkje hatt eit slikt skilje på nynorsk innan offisiell rettkriving. Truleg vil ein finna at snøggleik er vektoriell i eldre fysikkbøker; om ein då i det heile har operert med eit skilje i ord. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 16:45 (CET)[svar]
Ellers vil eg nemna at det eg fekk inntrykk av på førelesing på unversitetsnivå, er at det å skilja «hastighet» frå «fart» er serdeles dårleg inarbeidt på norsk (bokmål), til skilnad frå på engelsk. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 16:50 (CET)[svar]
Noko av grunnen til å nytta hastigheit på nynorsk er vel at fart som oftast vert oppfatta som ein skalar (talverdien til hastigheit). Eg er samd i at engelsk er meir presis på dette punktet. Alle levande språk utviklar seg og eg trur ikkje det gagnar nynorsk å alltid insistera på «status quo». Men eg er samd i at det er best å nytta norske ord når dei er dekkjande, som til dømes virvel i staden for det engelske ordet «eddy». --Sigmundg 19. februar 2012 kl. 17:23 (CET)[svar]
Poenget mitt er at du ikkje har grunnlag for å byta ut «snøggleik» med «hastigheit». «Hastigheit» er eit nyord i nynorsk, og saknar ein eigentleg brukstradisjon. Difor er det meir/minst like naturleg å nytta snøggleik som namn på vektorstorleiken. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 18:00 (CET)[svar]
Eg tok rett og slett problemstillinga opp med Språkrådet og her er svaret eg fekk (utan å verte særleg klokare...):
Eg finn ikkje noko grunnlag for at ”hastigheit” skal vere meir presist enn ”snøggleik”. Om ein slår opp i termbasen Snorre (http://www.standard.no/termbasen), som har fagtermar både på nynorsk og bokmål, finn ein at ”fart”, ”hastigheit” og ”snøggleik” stort sett er oppførde som synonym.
Dersom ein slår opp i Ordbok for fysikk og kjemi til skolebruk (2000), finn vi berre ”fart” som oppslagsord på nynorsk. Her er det interessant at ein for den skalare storleiken nyttar ”banefart” og for den vektorielle verdien nyttar ”fart”. På bokmål derimot kan ein nytte både ”banefart” og ”banehastighet” om den skalare storleiken medan ein kan nytte ”fart” og ”hastighet” om den vektorielle om ein følgjer same ordbok.
Dette kan tyde på at det ikkje finst tydelege skilje mellom ”fart”, ”hastigheit” og ”snøggleik”, og mykje talar for at dei viser til det same omgrepet, iallfall utifrå desse oppslagsverka. I kva grad dette stemmer med faktisk bruk i nynorske lærebøker i fysikk, veit eg ikkje. --Frokor 20. februar 2012 kl. 14:46 (CET)[svar]

I femte utgåva (2009) av Fysiske størrelser og enheter - navn og symboler (s. 40) frå Universitetsforlaget står det å lesa at

På norsk er fart og hastighet synonymer begreper. I engelsk blir «speed» av noen brukt om den skalare størrelsen banefart.

Dette stør opp om det inntrykket eg fekk på førelesinga: ein kan vanskeleg seia at det finst eit slikt skilje på norsk. Njardarlogar 20. februar 2012 kl. 16:32 (CET)[svar]

Eg har no diskutert dette med to kollegaer som underviser i fysikk, ein nynorskfysikar og ein bokmålsfysikar. Begge meinte at det var full forvirring på dette området på norsk. Begge meinte òg at dei «oppfatta» fart som ein skalar og hastigheit som ein vektor, men ingen av dei kunne syna til ein definisjon korkje av fart eller hastigheit. Det kan heller ikkje eg. Den eine (bokmålsfysikaren) fortalte at han kjenner til ei fysikkbok som nytta omgrepa fart og fartsvektor, men som ikkje nemner omgrepet hastighet. Eg vart kanskje ikkje så mykje klokare, men bruken av omgrepa fart og fartsvektor kan vel i nokon grad seiast å stø opp om argumenta til Frokor og Njardarlogar, meir enn argumenta mine. Det ville vera greit om omgrepa var eintydige, men det ser det ikkje ut til at dei er. Om ein nyttar fart og fartsvektor vil det vera eintyding, så lenge ein heldt seg konsekvent til denne bruken. Eg kan ikkje hugsa å ha høyrt fartsvektor før, så om desse omgrepa vert nytta er det kanskje ein god ide å lenkja til ein artikkel med same namn?
Når det gjeld rørslemengd meinte bokmålsfysikaren at «bevegelsesmengde» er det som er mest vanlig på norsk, så ut frå dette hadde Frokor rett heile vegen i at artikkelen bør heite Rørslemengd.
Det vart ein lang diskusjon, som endte der han starta: eg er no samd med Frokor. Visst kjem han fyrst fram den som går strake vegen, men rikast til målet kjem han som tek omvegen. --Sigmundg 20. februar 2012 kl. 17:34 (CET)[svar]