Diskusjon:Ravensbrück

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frokor har fjerna ei mengd kategoriar utan vidare, og har mellom anna sett inn kategorien "Konsentrasjonsleirar under andre verdskrigen" i staden for "Konsentrasjonsleirar". Han bør sjå nærare på opplysningane i artikkelen. Bygginga av Ravensbrück-leiren starta i 1938. --Erling 14. august 2008 kl. 13:46 (CEST)[svar]

Grunnen til at eg fjerna ein del av kategoriane er at dei vert veldig generelle. Om me skal plassere alt som er knytt til andre verdskrigen, nazisme, tysk historie osv. i dei respektive kategoriane forsvinn noko av vitsen med kategoriane bort for dei vert altfor store. Konsentrasjonsleirar høyrer ikkje heime på det nivået (kanskje med unntak av nazisme i dette tilfelle). Me kunne kanskje oppretta kategoriar som «tyske konsentrasjonsleirar» (eller «konsentrasjonsleirar i Tyskland» er kanskje enno betre) eller «nazistiske konsentrasjonsleirar» eller noko i den dur der han kunne ligge i tillegg. --Frokor 14. august 2008 kl. 15:32 (CEST)[svar]
Eg har no oppretta kategoriar for konsentrasjonsleirar etter land (t.d. Kategori:Konsentrasjonsleirar i Tyskland), samt Kategori:nazistiske konsentrasjonsleirar. --Frokor 14. august 2008 kl. 15:57 (CEST)[svar]