Diskusjon:Redaktør

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diskusjonen har pågått på diskusjon:Bladstyrar, men er no flytt hit.

Dette vert heilt merkeleg. Ein redaktør kan like godt vere ein sjef i ein fjernsynskanal. Ein slik redaktør kan vel ikkje kallast bladstyrar? --Cato 16:55, 15 februar 2008 (CET)

På nynorsk også bladstyrar, står det. Men ord frå ulike språk har ofte berre delvis overlappande tyding. Bladstyrar er eit godt ord for (sjefs)redaktørar i blad og aviser, men ikkje noko godt ord for fjernsynsredaktørar, kulturredaktørar, sportsredaktørar osv. Ordet «redaktør» har sikkert ein etymologi det òg, akkurat som ordet «bladstyrar». Men det treng vi ikkje bry oss om, vi som ikkje forstår gresk eller latin. Det er det som er så velsigna greitt med framandord: definisjonsmakta kjem utanfrå, og ikkje frå noko folkemeining om kva orda tyder. --Knut 17:32, 15 februar 2008 (CET)
Redaksjonssjef eller produksjonsleiar er vel kanskje vanlegare namn å nytte i TV trur eg. --Frokor 17:33, 15 februar 2008 (CET)

TV 2 har både Ansv. redaktør (Alf Hildrum), nyhenderedaktør, sportsredaktør, kulturredaktør osv... --Cato 18:30, 15 februar 2008 (CET)

Eg er til ei viss grad einig med Cato. Ordet redaktør er for dårleg definert no, då vert det rotete. Eg føreslår at du endrar artikkelen slik at han seier kva ein redaktør er, og i tillegg at ein gjerne kallar redaksjonsleiaren i ei avis for bladstyrar. Når artikkelen om redaktørar vert stor, kan me laga ein heilt eigen artikkel om bladstyrarar.
Og eg er usamd med Knut i at me ikkje skal bry oss om etymologien som ligg bak oppslagsorda. Utan gode definisjonar og ordforklaringar vert me ikkje eit godt leksikon.
Men kvifor føregår diskusjonen her, og ikkje på diskusjon:Redaktør? --Tannkrem 18:41, 15 februar 2008 (CET)
Eg meiner ikkje at vi ikkje skal bry oss om etymologi. Poenget mitt var at vi kan bruke framandord utan å tenkje så nøye over kva dei eigentleg tyder, medan vi har lett for å hengje oss opp i den ordrette tydinga av norske ord. Dette fenomenet gjer at vi har lettare for å bruke framandprd enn heimlege ord. Men når vi skriv artiklar, høyrer både definisjon og etymologi med. - Knut 19:15, 15 februar 2008 (CET)