Diskusjon:Reformpartiet (1974-1975)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det stod fire avsnitt på bokmål utan peikarar o.l. Eg omsette dei, og vonar eg ikkje gjorde noko gale. Eg synst jamvel dei kunne ha vore meir objektive (der stortinget gjorde eit vedtak i "ekspressfart" osb.).--LeFrere 19:52, 12 mai 2008 (CEST)

Om det stod på bokmål gjorde du definitivt ikkje noko gale. Om du meiner noko er for lite objektivt står du vel eigentleg fritt fram til å rette dette òg. Artiklane skal jo vere objektive. Om du er i tvil om det er rett og gjere endringar av den typen, kan du jo anten spørje først på diskusjonssida (slik som no) eller skrive i samandraget at du har gjort artikkelen meir objektiv eller noko liknande. Om nokon er fullstendig usamd er det kjapt gjort å rulle attende endringa og heller ta ein diskusjon om kva endringar som bør gjerast. --Frokor 20:13, 12 mai 2008 (CEST)