Diskusjon:Regjeringa Borten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Er det faktisk skilnad på statsrådar og ministrar?

Hadde det ikkje vorte meir oversiktleg om ein berre lista opp departement i staden for å skrive "minister for" framfor kvart punkt?

Døme:
Fiskeridepartementet: Ola John
Helsedepartementet: John Ola

kurtber 6. apr 2005 kl. 2121 (UTC)

  • Det er ein formell skilnad i Noreg mellom "minster" og "statsråd". Formelt er berre statsministeren og utanriksministeren utnemnd til ministrar. Resten av regjeringa er "Statsråd med ansvar for X departement". I daglegtale vert statsrådane (formelt feil) omtala som "minister". I praksis er dette vel kanskje rein formalisme. --Gunnernett 7. apr 2005 kl. 1448 (UTC)

Lekkasje[endre wikiteksten]

Her, og i artikkelen 1971, står det at Borten var uskuldig i lekkasjen. I SNL står det at Borten vedgjekk å ha vist nokre papir til Arne Haugestad. http://snl.no/Per_Borten Kanskje var det nokre andre papir enn dei saka eigentleg gjaldt, men han hadde iallfall synt Haugestad ein rapport han i ettertid ikkje tykte han skulle ha synt han.

Det står også i artikkelen at det var til Dagbladet Borten snakka om staurberinga. I fjernsynsprogrammet Nei og atter nei - Norge og EU i 50 år (frå vel 16 minuttar uti) er det med eit filmklipp av "nøkkeloverrekkingssermonien" mellom Borten og Bratteli. Der samanliknar Borten det å leie regjeringa si med å bere staur. Kanskje har han snakka med Dagbladet om staurbering før han gjekk av, men det må ha kjelde. --89.8.142.133 28. desember 2012 kl. 00:39 (CET)