Diskusjon:Ressursbudsjett

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg la inn ein manglar kjelde-mal i teksten. Eg ser at artikkelen har ein litteraturbolk, men for å sjekke om det er hald i det som står i artikkelen vil eg ha meir nøyaktig beskjed om kor det står, sidetal og i kva bok/bøker, så eg ikkje må lese gjennom tre bøker for å finne det. Dessutan treng påstandar som den om at Finansdepartementet motarbeidde ei sak underbygging. Ein kan bruke mal:kjelde bok og mal:kjelde www til å leggje inn referansar for opplysningar i artikkelteksten.

Bøker utgitt før 2000 finst kanskje digitalisert av Nasjonalbiblioteket, viss så er kan det vere nyttig for lesarane av artikkelen å få ei lenkje dit. Her ligg t.d. digitalisert utgåve av Knappe ressurser? : økonomenes grep om miljøfeltet av Kristin Asdal

--178.232.14.40 11. april 2013 kl. 18:04 (CEST)[svar]