Diskusjon:Restaureringa av Nidarosdomen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Det er ganske tungvint å språkvaske ei slik maskinomsetting som dette. Om omsettinga ikkje blir betre er det lite å spare.

Eg såg gjennom den siste språkvasken din (flott arbeid). Eg er usamd med konklusjonen din, fordi omtrent samtlege endringar var for tekst inni doble klammeparentesar (desse: [[...]]). Bjørn Seljebotn, som gjorde maskinomsetjinga, visste lite om wiki-formatet, men gjekk ut frå at alt som stod mellom klammeparentesar var maskinkode, som ikkje skulle omsetjast. Rettingane dine er altså retting av tekst som Nyno har vorte instruert om å hoppe over, og merknaden din fortel tvert i mot kor mykje vi har å vinne på å bruke Nyno (bruker vi ikkje Nyno, blir heile artikkelen like ille som dei tekstbitane du har gått gjennom og endra).
Det er vi bør diskutere i Nynoprosjektet er m.a. detaljerte instruksjonar for kva Nyno skal gjere med wikiformatet. Trondtr 18. juni 2006 kl. 15:38 (UTC).

Wikipedia-artikkel?[endre wikiteksten]

Dette verker som ein grundig og god artikkel, men er det Wikipedia som er heimen hans? For meg ville det vera meir naturleg å legga slikt bakgrunnsstoff inn på Wikibooks (der det kunne vera eit eige lite hefte, eller kapittel i bøker om Nidarosdomen, norsk nasjonalisme eller arkitektur). Eg meiner me bør kunna avgrensa oss òg, og dette er ein fin stad å byrja. --Ranveig 23:42, 16 juli 2007 (CEST)

Eg trur ikkje det er tid for det enno. I dag er det ein sams norsk wikibook [1].
Denne artikkelen er opphavleg omsett frå bokmål, og det vil då vere mykje meir rimeleg å legge bokmålsartikkelen på wikibook. I så fall vil denne artikkelen på nynorsk døy inntil me får eigen nynorsk wikibook.
Det er ikkje i wikibook folk arbeider eller slår opp enno. Nynorsk er eit lite språk og wikipedia her er også for sped til at det er tilrådeleg å spre kreftene for mykje. Difor syns eg det er bra å presentere Restaureringa av Nidarosdomen som vekas artikkel her. Hogne 23:59, 16 juli 2007 (CEST)