Diskusjon:Riaz Ahmed Gohar Shahi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er ingen grunn til å sletta denne artikkelen, men han treng å verta omsett til norsk. Mange artiklar på nn-wp, som til dømes denne minner meir om religiøs propaganda. --Sigmundg 16:29, 15 april 2008 (CEST)

Openberring?[endre wikiteksten]

Du seier i ein annan debatt at t.d. artikkelen om Johannes' openberring minner mest om religiøs propaganda. Artikkelen er spiremerkt, og slik sett ikkje ferdigskriven, men kan du vere konkret og seie kva som gjer at artikkelen mest minner om religiøs propaganda. Og slike diskusjonar kan du gjerne ta på diskusjonssidene til dei artiklane det gjeld, vi har vel ein objektivitetsmal som kan brukast. --Knut 16:41, 15 april 2008 (CEST)

Eg flytta diskusjonen hit, slik at det vert lettare for andre å sjå samanhengen.
Eg sa ikkje at han minner «mest» om, men «meir» om religiøs propaganda enn artikkelen «Riaz Ahmed Gohar Shahi». Det må sjølvsagt sjåast i ljos av at eg alt hadde sagt at «Det er ingen grunn til å sletta denne artikkelen». Men eg tykkjear at begge artikklane er meir farga av religiøs propagnad enn leksikonartikklar bør vera. Det som gjer at artikkelen om døyparen ikkje ser nøytral ut er det noko glorute sitatfeltet. --Sigmundg 17:09, 15 april 2008 (CEST)
Sitatet er, slik eg ser det, ikkje ein del av artikkelen, men meir ein illustrasjon. Eg liker å illustrere artiklar om litterære emne med sitat og bilete, når vi kan gjere det utan å bryte opphavsretten. Sitatet som står der no, er av dei mest kjende versa i openberringa, og i den grad det minner om religiøs forkynning, er det kanskje ikkje å undrast på. Men dersom du ikkje liker bruken av sitat som dette er det ein ærleg sak, som vi godt kan diskutere. Artikkelen handlar forøvrig ikkje om «døyparen». Døyparen Johannes vart halshogd minst 40 år før openberringa vart skriven. - Knut 17:44, 15 april 2008 (CEST)

Kvifor slette?[endre wikiteksten]

Jo, av di artikkelen er eit forferdeleg makkverk. Skal han stå må det skjerast hardt ned til berre det som er klåre fakta. No står det t.d. at Riaz Ahmed Gohar Shahi har møtt Jesus i USA, med kjelde! Til opplysing seier kjelda det visast til at: Gohar Shahi, chief of Anjuman-e-Sarferoshan-e-Islam, granted pre-arrest bail

HYDERABAD: Justice Rasheed A. Razvi, the judge of Sindh High Court Hyderabad Circuit, has grated interim bail before arrest to Riaz Gohar Shahi, Chief of Anjuman-e-Sarferoshan-e-Islam (ASI) against a sum of Rs 500,000.

A pandemonium was created when Riaz Gohar Shahi appeared before the single bench of the SHC for his pre-arrest bail on Monday. A large number of his followers and disciples had gathered at the court premises. He has been booked on the alleged charges of murdering a woman, Ms Amina Khatoon, who had come to him for spiritual treatment.

Talking to The News, Riaz Gohar Shahi denied the charges that he was working for 'secret agencies' in the country. The ASI chief had recently toured the world and had also visited the United States.

He also claims to have met Hazrat Essa (AS) and the "moon carries his picture on its surface." When asked about the party's sources of income, he said that philanthropists and his disciples bear all the expenses incurred in preaching the godly religion.

He denied the rumors that he (Riaz Shahi) was Hazrat Imam Mehdi (AS) and said that the "only justification to be Hazrat Imam Mehdi was the mark on his back which can only prove his existence." To a question, Riaz Shahi said that he hated politics and termed the politicians as people working against the religion.

Dette er sprøyt, og det kan me seie høyt. --Ekko 17:33, 15 april 2008 (CEST)

Er einig med Ekko her. Anders 18:03, 15 april 2008 (CEST)
Ja, kvaliteten på artikkelen var elendig. Eg har freista å rydda litt, men det står nok at meir arbeid. Eg er ikkje samd i at artikkelen bør slettast. Mange norsk-pakistanarar vil truleg vera interreserte i dei ulike religiøse leiarane. Vi har trass alt religionsfriheit i Noreg og vi bør sleppa til artikklar om andre religionar enn statsreligionen. Men eg er samd i at kvaliteten bør betrast. --Sigmundg 18:46, 15 april 2008 (CEST)
Men kvaliteten på innhald, språk og kjelder er jo elendig. Me kan ikkje ha andre kvalitetskriteriar på religiøse artiklar enn andre. --Ekko 19:10, 15 april 2008 (CEST)
Jau, denne referansn til at han møtte Jesus i USA seier vel at han hevdar at dei møttest. Eg kan ikkje sjå at det er så oppsiktsvekkande at han hevdar det. Alle religionar er vel baserte på det nokon hevdar. Nokon hevda ein gong at nokon vart levande etter å ha vore død ei stund. At det framleis finst dei som trur på slike historiar 2000 år etterpå er ufatteleg for meg. Katolikkar som hevdar at dei har sett møya Maria får ofte hengenstatus. Eg meiner at læra til både Den norske kyrkja og Riaz Ahmed Gohar Shahi er sprøyt og fantasi, men det betyr ikkje at eg vil hindra andre i å lesa om og tru på desse sogene. Det må dei få bestemma sjølve.
Når det gjeld kvaliteten på artikkelen er eg samd i at han må forbetrast. --Sigmundg 19:18, 15 april 2008 (CEST)
Jesus er ikkje nemnd i kjelda, det var poenget. Dette er diverre ein ikkje uvanleg måte å juge på, kor mange finles eigentleg kjeldene? Poenget mitt er ikkje at religion generelt, eller denne spesielt, er sprøyt. Poenget er at me ikkje kan vita om denne artikkelen gjev etterretteleg informasjon om denne mannen. Truleg skal me ha ha ein artikkel om han, men då på grunnlag av god informasjon. Altså ikkje denne. Kappe ned til ei spire? --Ekko 19:27, 15 april 2008 (CEST)
Ja, no tek eg til å vera samd med deg. Men artikkelen er ikkje god nok enno, noko merket på toppen vitnar om. --Sigmundg 19:42, 15 april 2008 (CEST)
Kjelder er viktig. Private nettsider er kanskje noko av det dårlegaste vi har av kjelder. Men at Sigmundg ser likt å få orden på ein artikkel med eit så dårleg utgangspunkt, er imponerande. -Knut 20:31, 15 april 2008 (CEST)
Jau, full honnør og applaus! --Ekko 09:12, 16 april 2008 (CEST)
Hazrat Essa = Jesus. __meco 3. april 2010 kl. 09:17 (CEST)[svar]


Det er tydelegvis usemje om fyren er daud eller ikkje, sjå [1]. --178.232.135.181 7. februar 2013 kl. 10:16 (CET)[svar]

Også, er kilden til å sitere informasjon om hans antatte død i norsk artikkelen (dette) en ødelagt kobling. Beklager for min norsk.Omirocksthisworld (diskusjon) 9. februar 2013 kl. 02:00 (CET)[svar]

Jeg beklager, jeg vet ikke norsk godt. I have formatted the sources from the English Wikipedia article about Gohar Shahi's disappearance/death according to the guidelines here. These sources suggest that Gohar Shai's whereabouts are not known, because there is no consensus among them. Please add them to the article if you find them useful. [1][2][3][4]

--173.72.196.129 22. juli 2013 kl. 00:16 (CEST)[svar]

  1. Majeed, Imaad (1. januar 2012). «Spreading Divine Love Messiah Foundation International» (på engelsk). Sunday Leader. Henta 21. juli 2013. 
  2. Panhölzl, Boris (5. desember 2008). «Structure and objective of the Mehdi Foundation and the perception of this movement in Pakistan» (PDF) (på engelsk). Austrian Centre for Country of Origin and Asylum Research and Documentation (ACCORD). Henta 21. juli 2013. 
  3. «HC stays deportation of 67 Pakistani nationals» (på engelsk). Indian Express. 19. november 2008. Henta 21. juli 2013. 
  4. Sharan, Abhishek (27. november 2008). «67 Pakistanis in Tihar who don’t want to return home» (på engelsk). Hindustan Times. Henta 21. juli 2013.