Diskusjon:Riksmålsforbundet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Dei siste åra har Riksmålsforbundet på nytt intensivert arbeidet mot nynorsken, i første omgang for å avvikle obligatorisk sidemål i Oslo"

Kva er kjelda for at Riksmålsforbundet har "intensivert arbeidet mot nynorsken"?

Det er uansett Oslo-partia, og stort sett bokmålsfolk, som har fått delvis gjennomslag for å avvikle obligatorisk sidemål. Riksmålsforbundet har ikkje ein slik politisk innflytnad. Kph 17:08, 5 august 2007 (CEST)

Her er i det minste ei kjelde for at Riksmålsforbundet ønskjer å avvikle obligatorisk sidemål: «Riksmålsforbundet ønsker at den skriftlige sidemålsopplæringen skal være frivillig», frå Heimesida til Riksmålsforbundet. - Knut 18:42, 5 august 2007 (CEST)
Og her er ei til Endelig kan 1200 Oslo-elever velge bort den skriftlige sidemålsundervisningen - Knut 18:44, 5 august 2007 (CEST)
Og her er ei kjelde for at det å motarbeide sidemålsstilen er å motarbeide nynorsken: «Men fell sidemålsstilen i Oslo, fell nynorsken i heile riket.» - Knut 18:58, 5 august 2007 (CEST)
Eg finn ikkje dokumentasjon for at arbeidet er intensivert. Setninga bør kanskje omformulerast slik:
«Dei siste åra har Riksmålsforbundet òg fått gjennomslag i arbeidet mot nynorsken, ved at den skriftlege sidemålsopplæringa er gjort frivillig på ein del Oslo-skolar [1].» -Knut 20:06, 5 august 2007 (CEST)

Eg attenderulla strykinga av sisteavsnittet. Arbeid mot sidemål i Osloskolen er arbeid mot nynorsk. -Knut 22:36, 10 november 2007 (CET)