Diskusjon:Ringdrotten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rett nok blir det vist til ei bok med denne tittelen i artikkelen om Tolkien. Men ettersom ei slik omsetting ikkje finst bør vel både artikkelen og peikaren slettast? --Ekko 9. juni 2006 kl. 18:58 (UTC)

Den bør nok slettast, ja. -- Ranveig 9. juni 2006 kl. 19:43 (UTC)

Til du som gjennopprettar uten å gje grunn for det: vent med artikkelen til boka finst. --Ekko 10:17, 16 august 2006 (UTC)

Eg trur heller at vi bør lage ein artikkel om The Lord of the Rings, og at «Ringdrotten» vert omdirigert til den, og informasjonen som ligg her no vert flytta til den. Det er vel ikkje vanleg å ha ein artikkel for kvar versjon av ei bok? --EIRIK\diskusjon 10:51, 16 august 2006 (UTC)
Gjenopprettinga gjekk kanskje litt for fort. Men bakgrunnen er at eg leste eit oppslag på nynorsk.no om "No kjem "Ringdrotten"!". Då tenkte eg at nynorsk wikipedia bør ha informasjon om dette. Omsettinga er altså ferdig, og boka kjem i løpet av hausten. Er det altså veldig viktig å venta til boka er ute i butikkane? --Gunnernett 10:56, 16 august 2006 (UTC)
Informasjonen ligg no på The Lord of the Rings, kan vi omdirigere? --EIRIK\diskusjon 11:19, 16 august 2006 (UTC)
Godt jobba! Eg la inn ei omdirigering. --Gunnernett 11:21, 16 august 2006 (UTC)

Kvifor tredeling?[endre wikiteksten]

Kvifor er boka delt i tre? Her er to forklåringar:

-Tolkien ville opphavleg gjeva ut heile verket i eitt band, men papirmangelen i etterkrigstida utelukka dette
-Tolkien hadde heile tida lyst til å gje det ut som éi bok, men forlaget meinte den ville verte for vanskeleg å selje

Kvar for seg er ikkje dette heilt usannsynlege grunnar. Men ingen av dei er veldig truverdige, når eg tenkjer litt etter. Og når dei står i same artikkelen, ser det mest ut som synsing. Veit nokon om ei truverdig kjelda? --Tannkrem 17:10, 30 mars 2007 (CEST)

Ein grunn er også at det var påpirmangel då boka vart gjedd ut - det vart for dyrt å trykke alt i ein eingong. --«anonym» 10:20, 13 mai 2007 (CEST)

Det var det første punktet eg la fram... --Tannkrem 15:54, 13 mai 2007 (CEST)
Skal vi sjå.... Om papirmangelen gjorde at papiret vart dyrt, så tyder dette at ei bok med for mange sider ville bli dyrare enn lesarane truleg var villige til å betala. Dermed blir ei bok med «for mange» sider for vanskeleg å selje. Ved å dele opp verket, vart kvart band da rimelegare enn det store eittbandsverket ville ha vorte. Og når folk først hadde kjøpt éi bok i serien var det naturleg å spara til neste bandet òg...
Alt det eg skreiv ovanfor er tankespinn med utgangspunkt i harmonisering av dei to motstridande argumenta. Kanskje stemmer det, og kanskje ikkje. :) Olve 21:23, 13 mai 2007 (CEST)
Kan henda tankespinnet ditt stemmer, men eg oppfattar dette om "vanskeleg å selje" som at det er lettare å få folk til å kjøpa ein trilogi enn ei kjempetjukk bok. Det er jo i alle høve ikkje billegare for lesaren at boka er delt i tre, det vert jo ikkje færre sider, berre tre gongar så mykje innbinding. I alle høve må me fjerna desse opplysningane om me ikkje finn ut kva som er rett. --Tannkrem 19:38, 22 oktober 2007 (CEST)
Det blir lettare å selje boka om ho er delt opp i tre. Dersom folk er usikre på om dei liker boka, slepp dei å vera så vågale at dei kjøper alle tre delane i ein jafs. Og Tolkien var vel ikkje ein kjempekjend forfattar da boka/bøkene kom ut. --Erlend 19:48, 22 oktober 2007 (CEST)
Eg veit ikkje kva du meiner med "kjempekjend", men eg trur nok at kven som helst hadde vorte kjempekjend dersom kven som helst var forfattar av The Hobbit. Poenget mitt var i alle høve at anten er det delt i tre fordi papiret var dyrt og dei ikkje kunne trykkja alt på ein gong, eller at ei tjukk bok er meir vanskeleg å selja. Eller noko heilt anna kan ha vore grunnen. Du argumenterer for at den andre grunngjevinga for tredeling kan vera rett. Men me må finna ut kva som er rett. Og viss ingen veit det, føreslår eg at me fjernar båe desse uverifiserte opplysningane inntil vidare. OK? :-) --Tannkrem 21:22, 22 oktober 2007 (CEST)
Joda, veit at Hobbiten alt var kome ut, men du skjønar kva eg meiner. Og einig i dette med kan vera og er, sjølvsagt :) --Erlend 00:42, 26 oktober 2007 (CEST)

Ein finn svaret i Letters of JRR Tolkien. Frå redaktøren sitt føreord til brev n.135: «On 23 October, Rayner Unwin reported that, according to a printer's estimate, the book would have to be priced at £3.10s. (at least) in order to recover its costs, and that the price would be even higher if it were divided into two volumes. He had now sent the manuscript to another printer, and was waiting to hear if a cheaper estimate could be obtained.» Og i føreord til det neste brevet (n.136) les me: «Allen & Unwin decided to publish The Lord of the Rings in three volumes, priced at twenty-one shillings each.» (total kostnad: £3.3s, som er mindre enn £3.10s) Det vert dimed klart at det var forlaget som avgjorde å dela boka i tre, og at dei avgjorde det av ymse økonomiske grunnar, medrekna at den totale kostnaden var mindre. -- Arvind 23:37, 22 oktober 2007 (CEST)

Krigen om ringen[endre wikiteksten]

Bør Krigen om ringen og nemnast i første linje? Eg synst kanskje det. stykkjet 22:22, 22 oktober 2007 (CEST)

Ommøblering på titlar i artikkelteksten[endre wikiteksten]

Sidan dette har vore ein kontroversiell artikkel er det kanskje best eg grunngjev endringane eg nettopp har gjort. Sidan det har blitt vedteke å flytta artikkelen til Ringdrotten ser eg det som logisk å flytta om på titlane i artikkelteksten, slik at Ringdrotten (som jo er artikkeltittelen) står først, og det engelske navnet etterpå. Sameleis ser eg det som logisk, sjølv om avrøystinga ikkje skulle ha noko å seie for andre verk enn Ringdrotten, at dei tre delane av boka, om dei nokon gong skulle få sine eigne artiklar, vil stå under det nynorske navnet, slik Ringdrotten gjer. Eg ventar ikkje at desse endringane skal vera kontroversielle, men grunngjev dei i alle fall, for å vera på den sikre sida.--Barend 00:58, 24 oktober 2007 (CEST)

Språkføring i nynorsk omsetting[endre wikiteksten]

Artikkelen har skildringar av språkføringa i den nynorske gjendiktinga som er problematisk, i alle høve når dei ikkje er kjeldelagt. For eit anna syn enn det som kjem fram her, sjå omtalen til Bjørn Kvalsvik Nicolaysen i Dag og Tid 27.4.2007. Eit av poenga hans er at gjendiktninga går mykje lenger enn originalen i å skilje folk på språkføring. Rett eller rangt, artikkelteksten her bør ha ei kjelde. --Ekko 23:14, 18 november 2007 (CET)

Det siste har omsetjaren grunngitt med at nynorsk språk har betre føresetnader for å bruke dette verkemiddelet enn engelsk har, mellom anna fordi moderne engelsk nyttar ei gammalmoding rettskriving, jamført med uttalen av orda. Dei som har sett filmen, vil vite at den munnlege språkføringa der skilde meir mellom dei ulike personane enn det som kom til uttrykk i den engelske boka. Men kjelder bør vi ha. - Knut 07:11, 19 november 2007 (CET)
PS: «eit anna syn enn det som kjem fram her» - i artikkelen synte eg berre til verkemiddelet, eg karakteriserte det ikkje. At eg t.d. likar bruken av høgnorsk språk blant kongar og alvar, er ikkje leksikonverdig. -Knut 07:42, 19 november 2007 (CET)
«Det siste (gjendikting) har omsetjaren grunngitt med at nynorsk språk har betre føresetnader for å bruke dette verkemiddelet enn engelsk har». Når den norske utgåva går lengre i å nytte dette verkemiddelet enn originalen er det rimelig at Ringrodrotten blir omtala som ei gjendikting i artikkelen, ikkje ei omsetting. M.a.: «Boka er skriven i moderne nynorsk ut frå eit klassisk språkideal.» er vel ei vurdering eller skildring (truleg rett) som må ha ei kjelde. --Ekko 09:20, 19 november 2007 (CET)
Om gjendikting eller omsetjing er det beste ordet, er ein diskusjon for seg. Eg har ikkje kjelder for å bruke andre ord enn omsetjing. Artikkelen fortel om dei grepa som er gjort, ikkje om dei er vellykka eller ikkje. Eg veit heller ikkje om det vil vere rett, i så fall måtte vi tatt utgangspunkt i meir enn ei bokmelding. ~Olve har i ein annan samanheng gjort greie for eit døme på problem omsetjarar kan møte, det kan vere ein god illustrasjon. Til denne saka: Eg har presisert kjeldebruken endå tydelegare. -Knut 16:24, 19 november 2007 (CET)