Diskusjon:Riskrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Burde ikkje tetellen vera «Ris à la mande»?--Sigmundg 00:29, 31 desember 2007 (CET)

«Risalamande (Danish, after French: Riz à l'amande, more commonly wrote as Ris a la mande with a "'" sign wrote at random places around "a la")» står det i en:Rice pudding.
Kva med å omdirigere til riskrem? --Jorunn 01:06, 31 desember 2007 (CET)
Det engelske alfabetet er noko fattig på apostrofar, så eg vil tru at artikkelen anten bør fylja den opphavelege franske titellen «riz à l'amande», eller framlegget til Jorunn: riskrem. Riskrem er vel mest norsk... Kva med «mandelriskrem»? --Sigmundg 01:13, 31 desember 2007 (CET)
Eg stemmer for artikkel om riskrem med gjennomgang av ulike måter å servera han på (eg er van med éi mandel i kremen...). Kor mykje kan ein eigentleg skriva om ein snøkvit dessert? --Ranveig 01:16, 31 desember 2007 (CET)
Riskrem er bra, ja — med underkapittel om ymse typar av honom. -- Olve 03:33, 31 desember 2007 (CET)
Har skore gjennom no og flytta artikkelen til riskrem. Når det gjeld kor mykje ein eigentleg kan skrive om ein snøkvit dessert, så hadde vel Monty Python ein ting eller to å seie om det i si tid... :-D Olve 04:24, 31 desember 2007 (CET)
Wikipedia er ikkje i oppskriftbok, står det ein stad på dansk wikipedia - kanskje her òg. Heldigvis. For riskrem utan sukker, det kan vel ikkje vere noko? Eller, for å ta den formelle tonen, finst det kjelder for at riskrem kan lagast utan sukker? --Knut 13:56, 31 desember 2007 (CET)