Diskusjon:Rock

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ynske om å fjerna ein undersjanger i infoboks[endre wikiteksten]

I infoboksen finst det fleire undersjangrar; fleire av desse er raude. Blant anna står [[Jentegrupper]] oppført som ein sjanger. Eg synest denne kategoriseringa er sexistisk: Det er totalt irrelevant kva kjøn (både gender og sex) bandmedlemane er. Ein gir jo ikkje band som Deep Purple eller Despertar Antoles sjangeren «gutegrupper». Difor ynsker eg at sjangeren vert fjerna. Takk. - Arntor 6. september 2016 kl. 11:39

Har du ikkje høyrt om gutegrupper, eller boyband, altså? Det burde vere irrelevant, det er eg samd i, men det er no ein gong eit omgrep som har blitt og framleis blir nytta i musikkindustrien, og derfor noko me bør ha ein artikkel om, på lik linje med gutegrupper. Om det bør stå under rock eller andre stader kan nok diskuterast. --Frokor (diskusjon) 6. september 2016 kl. 12:03 (CEST)[svar]
Jo, eg har høyrt om det. Det er ein interessant vinkling. Det bør absolutt diskuterast at det burde stå under ein annan stad, sidan eg synest det ikkje er heilt samanliknbart. Boybands har oftast faste musikalske formler, image og klestil for å nå ut til eit yngre publikum, les: jenter frå 10-20 år. Desse banda har meir eller mindre etablert ein særeigen sjanger som ein ikkje ser på same måte i «jentegrupper», som kan spela alle slags typar musikk. -- Arntor 6. september kl. 21:22
Eg trur jentegrupper i samband med rocken nok syner til gruppene som oppstod i 1950- og 1960-åra, og det er mange parallellar til boyband av nyare dato, sidan ingen av dei spelte instrument, men berre var vokalistar. Det var radiovenleg, kommersielt, med eit tydeleg image og laga for å selje mest mogeleg plater. Døme på slike grupper er the Ronetts og andre grupper som spelte for Phil Spector eller the Supremes. Ein hadde også mange jentegrupper i discotida. I nyare tid har ein t.d. Spice Girls, All Saints og den type grupper. Men det er nok kanskje ikkje ein eigen sjanger. Meir eit eige fenomen, slik boybands er (og i så fall meir pop enn rock). Ser at den engelske versjonen av rock ikkje lenger har oppført girl groups på lista over sjangrar, slik dei har gjort før, så eg har ingenting i mot om du vil fjerne det. --Frokor (diskusjon) 7. september 2016 kl. 00:09 (CEST)[svar]
Både boyband og jentegrupper bør Nynorsk Wikipedia ha artiklar om som konsept, men er, som vist ovanfor, usamd at det er ein sjanger. --Arntor 7. september 2016 kl. 12:51

Flott oppdatering av artikkelen. Eg har berre merka meg ein ting: Ein del band blir omtalt som "the (bandnamn)". Men viss the-en er del av namnet skal han vel ha stor bokstav? Og viss han ikkje er del av namnet treng han vel ikkje vera der? --Ranveig (diskusjon) 25. september 2016 kl. 08:58 (CEST)[svar]

Det skal nok vere stor bokstav ja, og det skal det òg vere på engelsk, om artikkelen er ein del av namnet og kjem først i namnet. Så det blir nok slurva mykje der, inkludert på engelsk, slik at det lett hamnar med ei omsetjing over på norsk. The-en kjem òg ofte med i bandnamn der han ikkje skal vere med, sidan det nok er litt tilfeldig om eit band har valt å ha med dette eller ikkje. Mange av dei som opphavleg ikkje har det, får det likevel fordi det høyrest naturleg ut. Eagles er eit godt døme på det. Dei vert ofte feilaktig kalla The Eagles. Men eg skal ha det meir i tankane å bruke «The» der det skal vere. --Frokor (diskusjon) 25. september 2016 kl. 15:53 (CEST)[svar]
Godt, interessant. Ville berre ha det avklart før eg eventuelt la ut på store rettingar. --Ranveig (diskusjon) 25. september 2016 kl. 16:13 (CEST)[svar]