Diskusjon:Rock and roll

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Reknast Rock'n'Roll som ein eigen sjanger (undersjanger?) av Rock? --Ekko 09:28, 27 oktober 2006 (UTC)

Det er vel ganske flytande grenser for kva som vert kalla rock og kva som vert kalla rock'n'roll, og heilt kor grensa går trur eg ikkje nokon eigentleg veit. Rock'n'roll kom i alle fall først, det er det ingen tvil om. Eigentleg er det rockerørsla som oppstod i England på midten av 1960-talet, og musikken som er tufta på denne rørsla, me i dag stort sett omtalar som rock. Men denne rørsla vart òg kalla britisk rock'n'roll. Så eg trur desse to sjangrane eigentleg er ganske sidestilte. --Frokor 21:45, 15 januar 2007 (CET)
Bør vi ha ein artikkel om kvar eller kan denne omdirigerast til rock? --EIRIK\diskusjon 21:49, 15 januar 2007 (CET)
Eg er ikkje sikker. Det som eg tenkjer på som rock'n'roll er musikkstilen som oppstod på 1950-talet, og som på ein måte kom før rocken. Eg ser for meg rock'n'roll på toppen av «hierarkiet» i denne samanhengen, der rock sprang ut frå rock'n'roll, og så får ein alle undersjangrane av rock (som progrock, funk, disco osv) under det igjen. Men det er jo berre mine tankar. --Frokor 22:20, 15 januar 2007 (CET)
Har du lyst til å skrive litt om dette, du som har greie på det? Som du kanskje har sett, har vi eit prosjekt på gang no med å få utvida flest mogleg av frøa våre. --EIRIK\diskusjon 22:27, 15 januar 2007 (CET)
Jo, eg kan sjå på det i morgon. --Frokor 22:31, 15 januar 2007 (CET)
Vi kan vel trygt seie at denne artikkelen er avfrødd. :) --EIRIK\diskusjon 21:00, 16 januar 2007 (CET)