Diskusjon:Rolf Sanne-Gundersen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nokon vil vel meine at Sanne-Gundersen ikkje er kjend nok, men er jo tross alt mannen som skal byggje opp ein ny NRK-kanal. Når vi har artiklar om nyheitsopplesarar, har vi plass til Sanne-Gundersen også. --Cato 17:04, 14 februar 2007 (CET)

Me skriv i utgangspunktet ikkje om framtidige hendingar. Og ein kanal som ikkje er starta enno, er ei framtidig hending. Men at han kan ha ein artikkel, ser ikkje eg noko problem med.
Ordet "mediemann" var nytt for meg. Er dette vorte ein nymotens yrkestittel? Viss ikkje bør me kanskje vera litt meir spesifikke? Han er vel journalist eller noko slikt? Å skriva at han er ein mediemann er som å skriva at nokon er ein kjendis, det seier eigentleg ganske lite. --Tannkrem 17:15, 14 februar 2007 (CET)