Diskusjon:Romsonden Phoenix

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

No er det like før. Skal bli spanande å følgje med på landinga. Vi får håpe det vert ei vellukka mjuk ei... Anders 00:18, 26 mai 2008 (CEST)

Jup. Har godt bra så langt, begge dei to siste banekorreksjonar avlyste sidan kursen var så god likevel. Éin time og femten minutt att. --Harald Khan Ճ 00:35, 26 mai 2008 (CEST)

Eg ser Kristaga har, utan å nemne det i samandraget, endra klokkeslettet for landinga frå halv 2 til "like før 2". Det er litt feil, avdi romsonden landa på Mars omtrent halv 2 som det stod, men på grunn av tida det tar signala frå Mars å nå Tellus vart dei ikkje teke imot før klokka 2 (presist klokka 1:53:44). Sjå elles pressemeldinga her. Anders 17:24, 26 mai 2008 (CEST)

Vil ikkje dette skape trøbbel for marsbuarar som ynskjer å bidra her på wikipedia, med endringskonfliktar og slikt? :-) --Bep 17:53, 26 mai 2008 (CEST)
Ettersom basen til nn vert skriveverna både kvar no og då til tider, skal ein ikkje sjå vekk frå at det er nokon små grøne skapningar som har førehandsbestilt utanomjordisk bandvidde frå oss. Men om eg sjølv budde på ein marskoloni, ville eg no ikkje akkurat ha satsa på Wikipedia som "hobby", før visse kommunikasjonsproblem vert løyste. Anders 00:22, 27 mai 2008 (CEST)