Diskusjon:Ruts bok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rut eller Ruth?[endre wikiteksten]

Både nynorskutgåva frå 1978 og bokmålsutgåva frå 1930 har forma Ruts bok, noko som òg passar ruimeleg bra med det hebraiske namnet מגילת רות [məğillatt]. Trur dette er eit vel så lurt namn på artikkelen som Ruths bok... -- Olve 17. mai 2005 kl. 2321 (UTC)

Einig, i tillegg til dei logisk argument liker eg òg Rut betre. Eg stola rett og slett blindt på den nynorske 1938-bibelen då eg lagar artikkelen. -- Ranveig 17. mai 2005 kl. 2357 (UTC)
Ja, er det ikkje greitt når vi rett og slett er einige? :) (Men det er no bra det ikkje skjer heile tida, elles hadde det no vorte noko keisamt her...) Det hadde vore fint om du kunne sjå på Tanákh/GT-malen om du ser noko uhumskt eller upresist i attgjevinga av GT-tradisjonen. Har dessverre ikkje noka kjelde på namna og inndelinga av hovudbolkane her. (PS: Eg skal taka for meg apokryfane om eit par straksar.) -- Olve 18. mai 2005 kl. 0003 (UTC)
Bibelselskapet sin digitale bibel på bokmål, nynorsk og nordsamisk ligg her: http://www.bibelen.no/ (og i fylgje nynorskutgåva heiter Naomi No’omi no). Jorunn 18. mai 2005 kl. 0027 (UTC)
Interessant! I det spesifikke fallet har altså Bibelselskapet no lagt seg på den askenasiske fonologien: Grunnforma som ho står i Tanákh er נָֽעֳמִי [nā‘ŏmī], med sterkt bitrykk (markert med meteg) på nā- og hovudtrykk på -mī. I den askenasiske tradisjonen er dette vorte omtolka: Ein vel å sjå bort frå aksentmerket under den lange a-en, og handsamar så denne vokalen som kort og trykklett. Dermed blir tolkinga נָעֳמִי [no‘ŏmī], med ein kort/trykklett o i første stavinga. Men etter den masoretiske tradisjonen, som blir rekna som autoritativ i denne samanhengen, er den korrekte forma Ná‘omí, med lang og trykksterk a i første stavinga... -- Olve 18. mai 2005 kl. 0043 (UTC)