Diskusjon:Sørestisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sør-estisk eller sørestisk? Eller võrospråk?[endre wikiteksten]

Finst det nokon grunn til å ha bindestrek i dette namnet? Jf. sørsamisk språk m.fl. -- Olve 2. september 2005 kl. 20:15 (UTC)

Nei, du har rett, det gjer ikkje det, og eg kjem ikkje på korfor eg (viss det var eg) sette han der. Ei anna sak er at det også er grunnar for å kalle artikkelen võro-språk. Sjølv bruker dei dei to namna litt vekslande, t.d. "sørestisk" når dei prøver å dra røttene attende til det sørestiske skriftspråket frå før 1800-talet, som vart brukt på eit omrøde vidare enn dagens Võro-provins. Men ja, vi kan fjerne bindestreken. Trondtr 2. september 2005 kl. 23:10 (UTC).
Denne artikkelen er problematisk, han slår saman sørestisk i vid tyding med võromålet, som berre er ein av dei sørestiske dialektane. Problemet med å skilje er at det tidlegare var eit sørestisk skriftspråk, mens det i dag berre er võromålet som vil ha skriftspråk, ikkje dei andre dialektane. Vi må altså skilje mellom fem ting: Sørestisk før språksamlinga på slutten av 1800-talet, dei tre dialektane, og den moderne võro-standarden, som har ein eigen wikipedia. Trondtr 13. april 2009 kl. 16:36 (CEST).