Diskusjon:Sørfjorden i Bindal

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg syns det var litt rart med ein tunnel under eit så smalt sund, men det var no ein gong det som var tydeleg avmerka på på Kartverket sine kart. --Frokor 15:26, 12 mars 2008 (CET)

Eg har aldri vore på staden, men eg hadde nett omsett artikkelen om brua og leita henne opp på kartet. Utfrå det som står i verneplanen verkar det som om ein må køyre over sundet på ei bru, og så rett inn i ein tunnel som går ein del meter over vassflata. Undersjøiske tunnelar er vel også noko som fyrst har kome dei siste 10-15 åra (?), denne tunnelen og brua er snart 40 år. Men for det eg veit kan det jo vere både ei gammal verneverdig bru over, og ein ny tunnel under sundet. --Jorunn 22:14, 12 mars 2008 (CET)
Ja, det går nok garantert ei bru over sundet. Om ein zoomer langt nok inn på kartet kan det sjå ut til at brua går rett over i ein tunnel, men på det litt større kartet er det altså teikna som ein tunnel heile vegen, noko som vel burde vore fysisk umogeleg for ein så kort tunnel. Så her har nok Kartverket vore ganske så unøyaktig. --Frokor 22:42, 12 mars 2008 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:26 (CEST)[svar]

[daud lenkje]