Diskusjon:Salten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fleirtyding[endre wikiteksten]

Det finst eit privat lag med dette namnet: «Kystlaget Salta». I jubileumsskriftet frå 1999 les eg:

-Av referatet går det fram at ”Forsamlingen var enstemmig i sin anbefaling i å opprette et kystlag. Etter en del diskusjon fastsatte forsamlingen navnet på lokallaget: KYSTLAGET SALTA. Navnet henspeiler seg til havstykket sør for Bodø. Kystlaget slutter seg til forbundet KYSTEN og Fylkeslaget.”

Om Salta er eit synonym for Salten er det òg eit lokalt namn for Saltfjorden. (Han går kvit på Salta i dag). Roarjo 08:50, 13 januar 2007 (CET)

Når det gjeld namnet på landskapet, så er eg litt i tvil om kva som blir rettast. I nettutgåva av Norsk Ordbok står berre Salta som namn på heile landskapet/futedømmet. Språkrådet ser derimot ut til å operere med berre Salten. I slekta (saltværingar) har eg stort sett berre hørt Salta. Nokon som greier å grava opp litt meir stoff om dette? -- Olve 10:40, 13 januar 2007 (CET)
Som Lofoting har eg aldri høyrt noko anna namn enn Salten på landskapet. stykkjet 21:11, 13 januar 2007 (CET)

No har eg leita litt her og der... Skulle gjerne hatt tilgang på Norsk stadnamnordbok o.a., men eg fann da ein del informasjon likevel:

  1. Olav T. Beito opererer med forma Salta i boka Norske målføretekster.
  2. Norsk Ordbok skriv:
    • Salta 2 distrikt i Nordland fylke, HFo.
  3. Ola Stemshaug skriv i Namn i Noreg:
    • «Salten (uttala med tonem 2), eller Salta som vi kanskje helst burde ha sagt og skrive om områdenamnet, er eit opphavleg namn på Saltfjorden og Skjerstadfjorden, gno. Salpti (sjå s. 72). Den vanlege forma i dag er eigentleg ei dativform, laga analogisk etter at det gamle fjordnamnet hadde gått over til hokjønn som områdenamn.» (Fotnote: Skånland 1933:10 og 63.)

Alt i alt ser det altså ut til at forma Salta har skrifttradisjon på nynorsk, sjølv om den stivna dativforma Salten er meir bruka — truleg delvis fordi dette passar betre med norsk-dansk skriftspråk og bokmål. Eg føreslår at vi slår eit slag for gammalnamnet og held på forma frå Norsk Ordbok her. Med beste helsing frå ein som sjølv er saltværing på farssida. -- Olve 22:02, 13 januar 2007 (CET)

Eksemplet frå Norsk Ordbok er lite relevant, det er eit tilfeldig udatert sitat frå dagligtale og kan ikkje gjelde som styrande dokument for eit moderne oppslagsverk. Om sitatet frå Namn i Noreg; vi kan ikkje velje hovudform for stadnamn ut frå det vi helst burde / skulle seie og skrive etter reint språkteoretiske betraktningar. Vi har heller ikkje tradisjon for å skilje mellom ulike norske skriftformer på stadnamn: det heiter no Løvstakken i Bergen sjølv om lauvstakken er det rette nynorskordet. Vi kan ikkje ha nokon særregel med ei teoretisk korrekt nynorsk form av Salten. Lokalavisa Avisa Nordland har redaksjon midt i Salten. Det finst ikkje eitt tilslag i Google på a-forma i an.no, mens det finst fleire titusen på en-forma. Eg har òg problem med å finne skriftlige eksempel på a-forma i praktisk bruk i det heile. Norsk tradisjonsfisk skriv på nynorsk, her er eksempel på ein tekst som handlar om mattradisjon i Salten. [1] Som alle andre bruker dei en-forma. Det kan vere at det (framleis) finst somme brukarar av a-forma munnleg, men eit slikt mindretal kan ikkje styre hovudforma for stadnamn i leksikon. Om Salta skal stå som hovudform og artikkelnamn på denne artikkelen vil eg starte å argumentere for at Oslo-artikkelen vert flytta til Kristiania. ;-) Det finst kanskje framleis folk som ikkje godtar Oslo-namnet og eg vil stille meg solidarisk med dei. Helsing saltværing på morssida. Roarjo 09:18, 14 januar 2007 (CET)
Eg er med på denne diskusjonen for å lære noko og prøver å halde ein sakleg tone. Trudde eg var på eit konstruktivt spor her (men er litt i tvil når eg ser Roarjo sin reaksjon)... Når det gjeld Løvstakken i Bergen, så er løv (og øge og ben og eg og ikkje) lokal dialektform. Akkurat som Salta og Salten begge er lokale dialektformer i Salt{a/en}. Forskjellen er at løv er einaste dialektform i Bergen — faktisk heilt uavhengig av bokmål og nynorsk, mens Salta og Salten begge er lokale former. Akkurat som Loffotn (N/A) og Loffota (D) er dokumenterte former i eldre saltværing.
Eg vil absolutt ikkje setje meg mot at artikkelen kan stå på namneforma Salten så lenge dette er godt nok gjennomtenkt. Og det er det kanskje. Men eksistensen av Salta-forma, om enn som mindre bruka form, er dokumentert nok til at denne forma i alle fall lyt nemnast i innleiinga. Har sett inn att forma Salta i første setninga —, all den tid forma er dokumentert til og med i ei så sentral kjelde som Norsk Ordbok (anten ein meiner at dette er meir eller mindre velgrunna der og da), hører ho heime der. Men eg har òg markert at dette er ei mindre bruka form ved ordet stundom og kursiv istf. halvfeit skrift. Håpar dette er noko alle kan leva med. :] Olve 21:54, 16 januar 2007 (CET)