Diskusjon:Den samiske nasjonaldagen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Samefolkets dag)

«Samefolket» er ikkje eit eigennamn, tittelen lyt vel vera «Dagen til Samefolket», «Samefolksdagen» eller noko slikt. Njardarlogar 16. februar 2011 kl. 10:03 (CET)[svar]

SOm vanleg melder eg meg som forsvarar av slik «genitiv». VI skal vere varsame med å innføre språklege konstruksjonar for etablerte omgrep, og «Samefolkets dag» synst eg er heilt OK. NB: synst. Dette har med språkkjensle å gjere. Formelt er det ingenting i vegen for å skrive Samefolkets dag i moderne norsk. --Knut 16. februar 2011 kl. 16:59 (CET)[svar]
«Etablerte omgrep» finst ofte ikkje på nynorsk, slik at nokon er nøydde til å ta spaden fatt og grava dei fram. Her er to kjelder som seier at s-genitiven i dette høvet er dårleg: Språkrådet og nynorsksenteret.no. Vansken ligg i at folk er i bunden form; folkets er feil medan folks er rett. Njardarlogar 16. februar 2011 kl. 17:38 (CET)[svar]
Eg vil elles leggja til at det finst andre råder enn omskrivingar med styreord; til dømes vert det i artikkelen synt til omsetjinga samisk folkedag; då gjeng me rett til kjelda. Njardarlogar 16. februar 2011 kl. 18:03 (CET)[svar]
Tungemålet er «Folkets Merkje», skriv Vinje Garborg [?] i Fedraheimen.[1] Han var vel målmann betre enn nokon av oss. I meir moderne aviser, som Dag og Tid, vil vi også sjå at ordet «Folkets» er brukt , t.d. her. Eg synst faktisk dette er viktig, fordi slik genitivsbruk ved somme høve er med å gje eit lettare språk. --Knut 16. februar 2011 kl. 18:56 (CET)[svar]
Bruksdøme er ikkje heilt sætande. Eg kan ikkje finna noko som skulle tyda at «folkets» skulle vera noko ukontroversielt; sjå til dømes dette dømet frå språkrådet: «heller brevet frå trygdekontoret enn trygdekontorets brev»[2]. Det er heilt i parallell (inkjekjønnsord); det lyt då nesten vera noko serskilt med ordet «folket» om genitiv-s-en skulle vera brukande.
Eg er heller ikkje samd i s-ane gjev eit lettare språk; det er berre ei vanesak. Om det opphavlege samiske ordet tyder «samisk folkedag», kvifor skal ein då blanda inn genitiv? Tek ein utgangspunkt i kjeldemålet vert god omsetjing rettare; til skilnad frå å ta vegen innom bokmål. No veit ikkje eg kva «Folkets Mujehedin» er på opphavsspråket, men for alt eg veit kunne «Folkemujehedinen», «Mujehedinen av folket» osb. attpåtil vore betre omsetjingar (dei har vonleg ikkje genitivs-s på opphavsspråket).
Me kunne kan henda senda straumbrev til språkrådet for å høyra kva dei meiner; med eit litt vidare spørsmål kunne me ha løyst framtidige tvistar på førehand. Njardarlogar 17. februar 2011 kl. 10:34 (CET)[svar]