Diskusjon:Samekufte

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Kofte» er ikkje lovleg nynorsk, tru det eller ei. Det heiter «kufte». Men dette ordet viser generelt til ein kort jakke eller frakk. (Ordboksøk) Eg føreslår «samedrakt» igjen ettersom det kan handla om heile drakten, både jakke, lue, skor, smykker osb. --Ranveig 12:20, 9 november 2006 (CET)

Er det ikkje betre å leggja artikkelen under samekufte? Ordet vert jo brukt om andre ting enn samane sine kofter? Og eg er usamd med Ranveig. Eg trur me bør halda oss til det samane sjølv kallar drakten sin. --Tannkrem 12:23, 9 november 2006 (CET)
Eg er usikker her. Men begge dei samane eg kjenner snakkar om «kufte» og tenkjer på heile drakta. Me kan la det ligge til neste veke, og så sender eg ein epost til Norske Samers Riksforbund eller nokon og spør meg for. --Ekko 12:43, 9 november 2006 (CET)
Eg flytta til samekufte slik at kufte kan få handla om klesplagget. Så får me finna ut av det og eventuelt stokka om igjen seinare. --Ranveig 15:40, 9 november 2006 (CET)
Eg grunna på dette på bussen heim, og du har truleg rett. Kufte får bli ein oversiktsartikkel om kva ordet har vore brukt på opp i gjennom, med peikar til ei fleirtydingsside om samekufte, lusekufte osb. --Ekko 17:22, 9 november 2006 (CET)

Norsk gákti?[endre wikiteksten]

Gákti bør vel kategoriserast under Samiske klede i staden for Norske klede? Plagget er og i bruk i Finland, Sverige og Russland. --Sigmundg 18. oktober 2009 kl. 01:18 (CEST)[svar]

Det er vel ingenting i vegen med begge delar? Samisk kultur er ein del av norsk (og finsk, og svensk og (litt) russisk). --Ranveig 18. oktober 2009 kl. 01:31 (CEST)[svar]
Nei ein kan ha med fleire kulturar, men om ein har med kategorien Norsk kultur bør svensk, finsk og russisk òg vera med. --Sigmundg 18. oktober 2009 kl. 01:48 (CEST)[svar]