Diskusjon:Secans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Secans eller sekans?[endre wikiteksten]

Ingen av desse står i Bokmåls- eller Nynorskordboka. Det Norske Akademis ordbok, som oppgjev sekans, følgjer vel si eiga (riksmåls)rettskriving. Det er mogleg at «secans» er like rett ettersom ein skriv cosinus, til dømes, med c. --Ranveig (diskusjon) 21. september 2018 kl. 15:13 (CEST)

Eg finn ikkje noka kjelde til kva rettskriving orda sekans eller cosekans skal ha på nynorsk. Nynorskordboka har ein del hòl, det manglar ein del oppslagsord som stammar frå andre språk enn norsk, som kampanologi. Ord som byplanlegging finst i Bokmålsordboka, men ikkje i den tilsvarande nynorske. Heldigvis er det sett i gang arbeid med å oppdatere begge ordbøkene.[1] NAOB oppgjev «secans» som riksmålsform, medan «sekans» dermed må vere normert og offisielt bokmål. Truleg skal det då vere sekans på nynorsk òg, men inntil vidare kan ein avvente til Nynorskordboka er oppdatert. --Bjarkan (diskusjon) 14. oktober 2018 kl. 19:22 (CEST)