Diskusjon:Sekretær som møbel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Denne artikkelen har ein litt rar tittel. Kanskje han bør flyttast? --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 16:31 (CEST)[svar]

Om alternativet er møbelet sekretær syns eg han kan stå slik som no. --Frokor 9. mai 2010 kl. 16:35 (CEST)[svar]
Ja, det er kanskje ikkje så lett å finna på noko betre tittel. --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 17:23 (CEST)[svar]
Eg likar «møbelet sekretær» betre, og det er også den forma vi tradisjonelt har brukt. --EIRIK\diskusjon 9. mai 2010 kl. 19:10 (CEST)[svar]
Og det er i form me tradisjonelt bør gå bort i frå så sant det er mogeleg. Ser ikkje ut i kategori-listene. --Frokor 9. mai 2010 kl. 19:15 (CEST)[svar]
Kva er grunnen til at vi ikkje nyttar parantes? «Sekretær (møbel)» tykkjer eg ser ryddigare ut. Har det noko med Språkrådet å gjera? --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 20:04 (CEST)[svar]

Praksisen vår med ikkje å bruke parentesar, gir nokre problem. Planeten Mars er halden fram som eit døme på at vår praksis gir gode artikkelnamn - sjølv om det fort vert rot ved kategorisering. Etter same mønster bør vi kunne skrive møbelet sekretær - og løse kategoriseringsutfordringa etter mønseter frå planetane (stjerneeksemplet). --Knut 9. mai 2010 kl. 20:51 (CEST)[svar]

Stjerneeksempelet, ja. He-he. :-) Men eg er heilt einig med Knut. --EIRIK\diskusjon 9. mai 2010 kl. 20:54 (CEST)[svar]
Men Sigmund fortener svar på eit godt spørsmål. Eg veit ikkje kvifor vi har bestemt oss for ikkje å bruke parantesar, så eg utfordrar ein veteran.--Knut 9. mai 2010 kl. 21:27 (CEST)[svar]
Eg har også i lang tid undra meg over kvifor vi ikkje brukar parantesar. Men då eg ikkje er anarkist, og førebels ikkje har hatt store problem med å finne ei eller anna løysing, så har eg ikkje brytt meg så hardt. Men parantesar er svært praktiske, enkle og opplysande, for det som vi prøvar å få til - eit leksikon, der somme ord kan ha fleire tydingar. Eg foreslår at vi endrar praksis, og tillet parantesar. --Egil Arne 9. mai 2010 kl. 21:56 (CEST)[svar]
Eg prøver meg som veteran, også frå fleire namngjevingsdiskusjonar: Grunnen til at me ikkje nytter parantesar i artikkeltitlar er fordi me held oss til norske skrivereglar og typografi, og norsk har ikkje ein tradisjon for ein slik bruk. I engelske oppslagsverk frå lang tid tilbake finn ein parentesar, sjå til dømes Encyclopaedia Britannica frå 1911. Store Norske, derimot, bruker tankestrek for å klargjera, Caplex bruker komma, og det ser også allkunne ut til å gjera visse stader.
Artikkeltitlane våre har mange føremål. Dei skal raskt fortelja kva ein artikkel handler om, visa veg i kategoriar og vera peikarar i løpande tekst, men altså og stå som ei overskrift. Her blir det i alle fall dårleg typografi å setja inn ein parentes. Skal me endra på retningslinene våre, bør me ha alle føremåla til tittelen i tankane, og helst sjå oss om etter norske løysingar. --Ranveig 9. mai 2010 kl. 22:20 (CEST)[svar]

Eg likar ikkje «møbelet sekretær». I motsetjing til planeten Mars er ikkje sekretær ein av få og kjende møbel, og er heller ikkje eit eigennamn. Det beste her er å bruke tankestrek eller komma slik: «sekretær, møbel» eller «sekretær – skrivebord». Hogne 9. mai 2010 kl. 22:32 (CEST)[svar]

Poenget er at denne forma fungerer utmerka for dette oppslagsordet. Ein unngå parantesen, ein får fram kva det gjeld, og ein unngår rotet i kategorilistene. Forma som Eirik og Knut snakkar om er ein del nytta, men at det er den vanlegaste forma er vel å dra soga litt langt, og skal me flytte denne artikkelen på grunn av det argumentet, så bør vel nesten samtlege fleirtydige artiklar flyttast på, mellom anna nokre titusen geografiartiklar. Eg prøver å unngå forma med oppslagsordet til sist så sant det er mogeleg. Aller mest likar eg forma «eit-eller-anna i tema», men det er stundom vanskeleg å få til å passe. Eg veit ikkje om andre wikiar eller leksikon som ikkje nyttar parantes eller forma sekretær - møbel, som SNL typisk gjer. Eg seier ikkje at me bør gå for parantes (sjølv om det stundom hadde gjort ting enklare), men me treng ikkje skilje oss ut berre for å skilje oss ut heller. Må me velje berre den eine forma? Kan dei ikkje leve side om side? Me er ikkje konsekvente med parantes-bruken heller, til dømes vert det nytta parantesar for artiklar for forskjellige personar med same namn. Eg meiner artikkelforfattaren sjølv bør få bestemme forma (framleis utan parantes, som er standarden vår), og så får ein heller flytte om det skulle verte altfor sært (sekretær med skuffer t.d.). --Frokor 9. mai 2010 kl. 22:36 (CEST)[svar]
I dette tilfellet kunne ein kanskje flytta artikkelen til skatthald, men det løyser ikkje det generelle problemet. Går ut frå at det Frokor sikta til er at artikkeltitlane hamnar på feil plass alfabetisk i kategoriane (til dømes Reiskapen våg i staden for Våg), slik at titlane er vanskelege å finna. Stemmer det? Eg tykkjer parantesar ser ryddigare ut enn dei andre løysingane, men eg er samd med Ranveig i at vi bør nytta ei norsk løysing, men eg veit ikkje om komma eller bindestrek er betre enn løysinga som no vert nytta. --Sigmundg 9. mai 2010 kl. 22:49 (CEST)[svar]
Ja, det stemmer. Anten så vert dømet ditt liggande under R (som jo vert feil), eller så vert artikkelen, som startar på ein R, liggande under V. Det blir feil begge to syns eg. --Frokor 9. mai 2010 kl. 22:57 (CEST)[svar]

Ingen av løysingsforslaga er gode. Parentesar høver ikkje i løpande tekst, men det gjer ikkje dagens form heller:«Mor mi har møbelet sekretær, i stua hennes høver det betre enn eit skatoll». Det beste, når vi greier det, er samskriving - men sekretærmøbel vert ein tvetydig konstruksjon.
Vi har gjort det vanskeleg for oss sjølve ved å unngå parentesar. Eg tar ikkje til ords for å innføre dei, men for å gjennomdiskutere saka. --Knut 10. mai 2010 kl. 07:46 (CEST)[svar]