Diskusjon:Sekstentalssystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kva i all verden tyder høgre del av tabellen? --Ekko 10:13, 31 august 2007 (CEST)

Takk, betre no. --Ekko 21:06, 3 september 2007 (CEST)
Kan nokon fortelje korleis tala uttalast (ein, to, tre osv)? - Knut 22:44, 3 september 2007 (CEST)
Dei vert uttala som vanleg: ein, to, ...., 11, eleve, tolv, ..., femten. Det er er berre representasjonen, ikkje tala, som er annleis.
Det finst mange ulike representasjonar for tal. Sekstitalsystemet til babylonarane er framleis i bruk: det er seksti sekund i minuttet og seksti minutt i timen. Dessutan nyttar vi fireogtjuetalsystemet (24 timar i døgret). Vi utfører aritmetikk med desse talsystema til dagleg (oftast i hovudet), men vi er så vane med det at vi ikkje tenkjer over det.
For lenge, lenge sidan (på 70-talet...) var det vanleg å nytta åttetalsystemet i samband med digital logikk. Då kunne alle siffra (0..7) representerast med 3 bit. Sekstentalsystemet representerer alle siffra (0..15) med 4 bit. Digital maskinvare nyttar totalsystemet (eit siffer (bit) med to mulege verdiar ('0' og '1')). Dette på grunn av at det er vanskeleg/ulønsamt å bygga digital elektronikk med meir enn to spenningsnivå. Di færre verdiar eit siffer kan representere, di fleire må det til for å representera ein viss verdi. Datamaskiner nyttar 'som oftast' 32 eller 64 siffer (bit). Det er difor svært langtekkeleg (og kjedeleg) å utføra papir og blyant aritmetikk med totalssystemet. Dette er grunnen til at ein i staden nyttar talsystem med ein radix (titalsystemet har radix lik 10) som er ein toerpotens: , der er eit teiltal. Til dømes: og . Titalssystemet passar ikkje i hop med 16-talssystemet, ettersom 10 ikkje er ein toerpotens. Det går sjølvsagt å konvertera mellom dei, med det er mykje enklare med 16 og 8-talssystema. Men no spora eg av frå uttale. --Sigmundg 02:39, 4 september 2007 (CEST)