Diskusjon:Selje kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Selje i Nordfjord)
Hopp til navigering Hopp til søk

Namn på artikkelen[endre wikiteksten]

Vi har tidlegare diskutert her og der (m.a. på Diskusjon:Sogn_og_Fjordane_fylke) kvar denne artikkelen skal liggja. Flytting verkar inn på fleire ting — mellom anna fylkesmalen. Eg trur det er lurt at vi blir einige om korleis vi vil gjera dette, og at vi så ordnar opp med dei flyttingane, omdirigeringane, malomskrivingane o.a. som eventuelt trengst. -- Olve 11. feb 2005 kl. 0056 (UTC)

Diskusjon frå Sogn og Fjordane fylke[endre wikiteksten]

Fleirtydige kommunenamn[endre wikiteksten]

Eg ser at i tillegg til Selje i Nordfjord har kommunane Vik, Flora og Eid namn som òg tyder noko anna på norsk. Eg veit dessverre ikkje kor dei ligg i Sogn og Fjordane, men kanskje andre kan leggja dei inn?

Eg føreslår òg at me pipelenkjer kommunenamna, i det minste i malen, slik at til dømes Selje viser til Selje i Nordfjord men berre viser Selje. Dette fordi det ser finare ut, og fordi ein truleg berre bruker kommunenamnet når ein snakkar om kommunane.

Dette forslaget, det vil seia svaret me kjem fram til, vil gjelda for fylkesmalen, fylkessida (altså her), Kommunar i Noreg, organisert etter fylke og Kommunar i Noreg, alfabetisk ordna.

-- Ranveig 16. nov 2004 kl. 21:31 (UTC)

Hei, Oppførselen i fylkesmalen er faktisk feil etter slik vi elles har gjort det her på nn: — det skal berre stå «Selje» som open tekst. Eg skal rette opp dette no. -- Olve 17. nov 2004 kl. 04:00 (UTC)

Eit anna synspunkt[endre wikiteksten]

Eg meiner det blir feil å bruke denne metoden for å skilje på artiklane. Dette antydar at det finst andre stader som heiter det same slik som vi er vant med i td Skei i Jølster, Mo i Rana, Bø i Telemark. Eg meiner det vil vere meir riktig å kalle artikkelen Selje (kommune) / selje (tresort) evt utan parantes. Så kan dette skjulast som over.

Eg er frykteleg lite glad i parantesar, men det er kanskje bare meg. Kva med ganske enkelt Selje kommune? Ranveig 16. nov 2004 kl. 22:43 (UTC) (Inge, du kan signera innleggja dine ved å skriva ~~ (set in namnet) eller ~~~~ (legg til dato og klokkeslett) etterpå)
Eg har eigentleg ikkje så mykje mot parentesar, men når det finst gode alternativ som her (Selje kommune) tykkjer eg ein kan bruka det.--Guttorm 17. nov 2004 kl. 08:06 (UTC)

Eg har bestemt at frå no av skal alle ord ha ei tyding, og berre ei[endre wikiteksten]

Det er nok den enklaste løysinga.

Elles har eg gått over dei to listene og malane, og gjort dei fleirtydige kommunelenkjene eg fekk auge på om til (kommunenamn) kommune, sidan fleire enn meg liker det. Lenkjer som allereie viste til "i" lot eg stå, nokre av dei visar til kommunenamn som finst i fleire fylke og andre har allereie artiklar. Dette blir kanskje litt ukonsekvent, men det får vera. Det er rom for forbetring, og er har sikkert oversett ulike namn, men eg har i alle fall gjort eit forsøk! -- Ranveig 17. nov 2004 kl. 20:06 (UTC)

Diskusjon: "Selje i Nordfjord" eller "Selje kommune"?[endre wikiteksten]

Argument for Selje i Nordfjord[endre wikiteksten]

  • Selje i Nordfjord er språkleg innarbeidd. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))
  • Selje i Nordfjord er historisk ikkje tidsbunde på det viset Selje kommune er. (Olve 11. feb 2005 kl. 0131 (UTC))
  • Selje i Nordfjord er ei meir generell skildring av staden. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))

Argument mot Selje i Nordfjord[endre wikiteksten]

  • Berre den som veit at Selje ligg i Nordfjord vil komma på å søkje på Selje i Nordfjord. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))
  • Selje i Nordfjord er ikkje språkleg innarbeidd! Det er ingen som nyttar dette når det er snakk om tettstaden Selje og i alle fall ingen som nyttar det om kommunen... Den einaste plassen eg har sett/høyrt dette er her på Wikipedia Nynorsk. Eg trur vi alle kan vere einige om at vi ikkje skal lage vår eiga verd, men beskrive verda omkring oss på riktigast/best måte. Når det gjeld problem omkring kommunesamanslåing og tettstaden Selje: Vi har ingen artikkel om tettstaden Selje og når den kjem bør vi kalle den Selje (tettstad) og lage ei fellesside for alle Seljetydingar som vanleg for andre ord med fleire tydingar. Dersom det vert kommunesamanslåing må vi slette/omforme heile artikkelen om Selje kommune uansett. Så eg ser ikkje desse to problemstillingane som aktuelle i det heile.

I tillegg ser eg helst at dette med å legge til i (region) ikkje spreiar seg til Eid, Vik og andre kommuner/stadar der dette er berre kunstige konstruksjonar.Inge 11. feb 2005 kl. 1349 (UTC)

    • Dette er sjølvsagt riktig, men det er framleis feil å ta dette til inntekt for at vi skal bestemme at dette skal vere namnet på kommuna Selje. Å ta med kor ein plass ligg når ein snakkar om mindre plassar er svært vanleg. Det eg meinte var at det ikkje er vanleg å nytte dette som ein del av namnet, men heller som døma over viser som ei del av setninga når ein snakkar om ein stad som er lite kjend. Det eg vil seie er at det er riktig å bruke Bø i Telemark som namn på staden Bø fordi dette er vanleg innarbeidd praksis som óg innbyggjarane i Bø nyttar seg av, men ikkje for staden eller kommuna Selje av di dette uttrykkjet ikkje er innarbeidd eller vanleg eller nytta av dei innfødde.Inge 14. feb 2005 kl. 1838 (UTC)

Argument for Selje kommune[endre wikiteksten]

  • Selje kommune er lett å søkje på om du veit at Selje er ein kommune. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))
  • Eg trur det blir lettast å vera konsekvente om me held oss til "kommune" så lenge det ikkje finst to kommunar med same namnet. Det kan vera svært vanskeleg å vita kvar ein skal plassera ein stad geografisk (i dette tilfellet: Nordfjord, Fjordane eller Sogn og Fjordane?), særleg om ein ikkje er lokalkjent. Og her bør me vel visa mest omsyn til dei som ikkje er lokalkjente? -- Ranveig 13. feb 2005 kl. 1957 (UTC)

Argument mot Selje kommune[endre wikiteksten]

  • Selje kommune er eit namn som skildrar administrasjonsinndelinga meir enn staden. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))
  • Om det blir kommunesamanslåing vil namnet Selje kommune bli ubrukande. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))
  • Namn som *** kommune er berre brukande i fall der det ikkje finst fleire kommunar med same namn (eks.: Herøy, Sande, Os). Om ein brukar *** kommune-forma, så treng ein ein annan måte å skilje mellom slike kommunar på, noko som fører til inkonsekvent artikkelnamngjeving. (Olve 11. feb 2005 kl. 0118 (UTC))