Diskusjon:Shirley MacLaine

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg, og mange med meg (trur eg), set pris på nye artiklar. Det har tidlegare vore ein diskusjon om "éin-linje-spirer" her på nn:. Eg meiner konklusjonen den gongen var at spirer helst bør vere på ein 2-3-linjer, minst.

Mi hovudmotførestilling den gongen var ikkje spira i seg sjølv (éi linje er jo betre enn ingenting!), men:

  1. Spirer har ofte ein tendens til å forbli det - spire.
  2. Ein brukar som har inngåande kunnskap om Shirley MacLaine (t.d.) ofte vil vegre seg for å halde fram med ein éin-linjer spire (først og fremst fordi lenka ikkje er raud lenger).

Dette er ein vanskeleg diskusjon utan ja/nei-svar. Spirer er verdfulle, men dei har, som sagt, ein tendens til å forbli spirer. --Bep 19. des. 2005 kl. 21:33 (UTC)