Diskusjon:Sigurd I av Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Legg fram at de like gjerne kan la "Sigurd Jorsalfare" vera oppslagsord her, for då veit vi kven vi snakkar om. Ingen veit kven Sigurd den første er, vi omtalar han ikkje slik. Og "av Noreg" er heilt meiningslaust for oss som er frå Noreg og veit det frå før. Dette innlegget gjeld alle kongane på rekkja fram til Håkon den femte. Ønskjer at moderator sjekker heile kongelista og let dei gå under dei namna som er kjend: Harald Hårfagre, Håkon den Gode, Eirik Blodøks og slik bortetter, og så kan eventuelle tal koma under. Det verker meir naturleg. Denne tituleringa er heilt framand for oss. sign EGM.

Først noko heilt anna: Du bør signere med fire tildar (~~~~), dersom du er innlogga får du da ein datert signatur, det gjer kommunikasjon lettare. Så til saka:
Eg er i prinsippet samd med deg, men er det noko stort poeng korleis overskrifta ser ut, så lenge Sigurd Jorsalfare gir treff via omdirigering, og namnet er nemnd først i artikkelen? Dette «av Noreg» har vi ervd frå wikipedia-versjonar der eitt språk dekkjer fleire land, og det er jo eit poeng å følgje same prinsippet på fleire språk. Greitt dessutan for Karl II, som finst i fleire land, og der Karl II av Noreg er identisk med Karl XIII av Sverige. I artikkelen kongerekka står namna slik vi kjenner dei, vil eg meine.
Dersom vi skal ha ein fasit, kan Kongerekka frå kongehuset, korrigert med rettskrivingsråda frå språkrådet vere eit god utgangspunkt.
På bakgrunn av desse to autorative kjeldene ville eg tilrådd Sigurd I Jorsalfare av Noreg som overskrift. Eg er litt i tvil om dette «av Noreg», derfor ville eg droppa det i sjølve artikkelteksten. -Knut 4. mars 2010 kl. 21:27 (CET)[svar]
Eg er svært einig i at me bør bruka namna desse kongane faktisk er kjende under. Som EGM nemner er ordenstala lagt til i ettertid, medan tilnamna er blitt brukte i samtida til kongane og i våre dagar. Engelsk Wikipedia ser no ut til å ha veld tilnamnløysinga for sine heimlege kongar, som en:Harold Godwinson og en:Edward the Confessor. Slike enkle namn synest eg også om, mellom anna fordi det høyrest betre ut enn namna med mange ledd. Men den lengre løysing som Knut føreslår er heller ikkje dårleg. --Ranveig 7. mars 2010 kl. 15:07 (CET)[svar]
Ikke skriv «som Knut foreslår», eg liker ikkje forslaget, men det er ein konsekvens av ein praksis eg går inn for. Om vi i staden valde å bruke namn frå sogelitteraturen (saganamna) før dansketida, nærma vi oss forslaget til Eiliv, som eigentleg er betre enn «forslaget mitt». I så fall kunne det kanskje halde å ha nummeret etter namnet i infoboksen. Det er jo ikkje alle kongar historikarane har utstyr med nummer. --Knut 7. mars 2010 kl. 15:52 (CET)[svar]
Det er ofte fint med system, men dei må ikkje bli ei (uønskt) tvangstrøye for oss. Om me vil ha ein regel som er lett å hugsa, har me jo framleis den om "mest kjend som". Me har glatt kutta ut nummer frå herskarar som er velkjende under tilnamn som "den store", til dømes Aleksander III av Makedonia. I tilfelle der det ikkje finst fleire konkurrerande tilnamn, burde det vera greitt å gje artiklane nye namn. --Ranveig 7. mars 2010 kl. 16:33 (CET)[svar]
Då kan vi gle oss til den dagen nokon tar jobben og ryddar opp i dette. Vi bør kanskje halde på «av ..land...» i dei tilfella der vi held på nummer? For nummeret er jo knytt til eit kongerike. Eller skal vi berre skrive «av ...land....» når det finst fleire kongar med same namn og nummer?? --Knut 8. mars 2010 kl. 22:58 (CET)[svar]
Eg trur det vert meir oversiktleg med «av land» når det er nummer uansett. Knut IV, kvar var han frå? --Frokor 9. mars 2010 kl. 07:32 (CET)[svar]
Einig. Eg trur me har ein konklusjon for norske kongar no, og dei som skal flyttast kan flyttast. Sigurd er, som de ser, no i Jorsal. --Ranveig 9. mars 2010 kl. 11:49 (CET)[svar]

Gjer eg noko gale om eg flyttar diskusjonssida attende? Innhaldet i sida er uforståeleg for ein som går inn frå Sigurd Jorsalfare, og diskusjonen er ikkje spesielt interessant anna enn ved eit evt framlegg om å bruke nummer heilt frå Harald Hårfagre att- og då kan duiskusjonen like gjerne dukke opp på ei anna side enn denne. --Knut 9. mars 2010 kl. 12:28 (CET)[svar]

Flytta- --Knut 9. mars 2010 kl. 17:21 (CET)[svar]