Diskusjon:Silvio Berlusconi

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser nokon la inn nokre lenkjer til indymedia om Berlusconi sitt medieimperium, og lenkjer der det står fyren er ein fare for demokratiet. Dette vart fort tatt bort av nokon, som kanskje oppfatta det som hærverk når det kom so hard kritikk plutseleg. Indymedia kjenner eg for dårleg til å sei so mykje på dei, men vi kunne godt hatt noko meir om Berlusconi sine svake sider. Kan BBC news og The Economist hjelpe? Det kan vere enkelt og lurt å opprette ei wikiquotes side eller lenkje til ei side på eit anna språk. --Krekling 00:26, 9 mai 2008 (CEST)

Viss nokon kjem og berre legg inn utlenkjer så skal det veldig mykje til for at dei ikkje vert attenderulla. Særleg om dei vert lagde inn med framandspråkleg skildring, eller som i dette tilfellet med overskrifta Weblinks attåt. Då er mest truleg nokon som nyttar seg av interwikilenkjen til å farte rundt å legge lenkjene sine i mange artiklar om emnet, og målet deira er ikkje å gjere artikkelen betre, meir encyklopedisk eller meir nøytral og balansert. Det er snarare å generere trafikk på eiga nettside, eller prøve å vri artiklane i ei særskild lei. Så eg meiner det er heilt rett å rulle slikt attende når ein kjenner att lusa på ganga, utan å undersøkje så alt for mykje om kva nettstaden lenkja går eigentleg inneheld.
Denne karen var nok ikkje berre her i går kveld, einkvan med same brukarnamn var i Silvio Berlusconi-artiklane på de, fr, nl, pl, pt og sv òg, i same ærendet som her.
Det er artikkel om Indymedia på svenske Wikipedia. Det ar dei opnar for at alle kan skrive artiklar for dei gjer at dei for meg fell litt i same kategori som wikiar, bloggar og forum når det kjem til om nettstaden er høveleg å bruke som kjelde på Wikipedia - kreti og pleti og folkesnakket er ikkje noko god kjelde her. Når det er sagt er det lassevis av lenkjer til indymedia.org på andre Wikipediar, over 900 lenkjer i dei ti største Wikipediane. Eg tykkjer likevel at t.d. dei to nettstadane du legg fram som døme er betre alternativ. --Jorunn 09:30, 9 mai 2008 (CEST)
Veldig informativt det du skriv her. Dette var ein ny problemstilling for meg og eg skal hugse på det til seinare. Elles ser eg at vi har veldig små artiklar om Berlusconi og G.W.Bush, begge sterke kandidatar for eit godt leksikalsk karakterdrap. (Både på wikiquotes, korrupsjonsanklagar og den historiske politikken deira. ) --Krekling 16:30, 9 mai 2008 (CEST)
Som bakgrunnsstoff er me vel ikkje interesserte i kritikk av det som artikkelen omhandlar; men ekstrainformasjon som kanskje ikkje høver i ein leksikonartikkel. Under dette inngår ikkje kritikk; ein kan gjerne ha eit avsnitt om kritikk av Berlusconi og ha referansar som kritiserer han, sjølvsagt, men som bakgrunnsstoff høver det seg ikkje (ikkje hyllest heller, for den saks skuld). Eg hadde rulla attende slik lenkjepåfyll same kva kjelde det måtte vera sidan det ikkje er relevant i forhold til artikkelen. Hugs at wikipedia skal vera nøytralt. Hadde artikkelen vore om kritikk av Berlsuconi så kunne slike lenkjer sjølvsagt høva seg. --Harald Khan Ճ 17:09, 9 mai 2008 (CEST)