Diskusjon:Sinfest

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Teikneserie på internett" er ein lang term, sjølv om den er lett. Den engelske versjonen er "webcomic", på bokmålsida har ein brukt "internettserie". Elles på nettet har vi dansk "onlinetegneserie" og svensk "webbserie". Eg er usikker på kva vi bør kalle den nynorske, men eit samandrag (som mitt "nettserie") ser ut til å vere vanleg brukt. Det ville vore fint om vi kunne ha ein diskusjon unna mens vi endå er i ein oppbyggingsfase på dette. (Ein jobb for språkrådet?) Eg planlegg å legge over fleire seriar framover. Tilgangen på desse er nærast uendeleg ifrå http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_webcomics. Det er lite truleg at eg orkar å gå igjennom alle desse. --Krekling 19:38, 13 november 2007 (CET)

Fint arbeide! Kanskje du kan skrive ein artikkel om nettseriar, helst med kjeldetilvising til ein stad som edfinerar ordet? Elles: me plar ikkje sette kategoriar i fleire nivå. Det er feil å nytte både «teikneseriar» og «amerikanske teikneseriar» når den siste kategorien er ein underkategori av den første. --Ekko 20:12, 13 november 2007 (CET)