Diskusjon:Sjakk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 02:52 (CEST)[svar]

Eg har fiksa det no, men usikker på kva eg skal gjera med resten av teksta. Nghtwlkr 23. oktober 2008 kl. 00:38 (CEST)[svar]

Du har gjort ein god jobb med å fikse internettlenkja; resten av teksten er dugnadsarbeid. Eg har ikkje greie på sjakk, men eg veit det finst folk her som vil trø til i denne diskusjonen/artikkelen for å heve nivået. --Bep 23. oktober 2008 kl. 00:52 (CEST)[svar]

Namn på dei kjære borna[endre wikiteksten]

Kjært born har mange namn, og dette gjeld sjakk òg. Me har dei to brikkene mellom tårna og kongen/dronninga. Dei to er kalla både løparen, springaren, hesten, riddaren og knekten, så her vert det fort full forvirring. Lars Ola Eide 11. februar 2010 kl. 15:02 (CET)[svar]

Tja, eit par av desse namna har eg ikkje høyrt. Eg har spela sjakk sidan 1972, og i sjakkmiljøet er det folk frå alle kantar av landet, og også nynorskingar. Konge, tårn og løpar/kanskje «laupar» har knappast andre namn, dronninga blir regelmessig også kalla for dama, ein bonde kan vel av og til bli kalla for ein småbrukar.
Forvirring rundt sjakkbrikka springar har eg aldri opplevd, bortsett frå at folk blandar saman kva som er sjakkbrikka løpar og kva som er springar.
Men springaren er ser altså ut som hovudet på ein hest, og blir dermed kalla hesten, og andre namn for hest blir også brukt når sjakkspelarar spelar lynsjakk, pratar og kosar seg: Gamp, merr, fola blakken osv.
Knekt og riddar har eg aldri høyrt på norsk. Men eg kan jo ikkje med dette påstå at orda ikkje blir brukt på norsk om sjakkbrikka springar. På engelsk heiter springar knight, som i alle fall kan bety riddar. --Egil Arne 11. februar 2010 kl. 22:32 (CET)[svar]