Diskusjon:Sjtokmanfeltet

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Formuleringa "og på engelsk språk Shtokman " vart nett teken vekk. Er det ikkje greit å ha dette med, i og med at i norske tekstar vert feltet òg omtala som "Shtokman". [Sjå http://www.statoilhydro.com/no/NewsAndMedia/News/2007/Pages/StatoilHydroGazpromAgreement.aspx www.statoilhydro.com] Gunnernett 10:45, 7 november 2007 (CET)

Samd i at Shtokman (og Shtockman) burde med, kanskje formuleringa: Blir og skrive Shtokman eller Shtockman stykkjet 11:52, 7 november 2007 (CET)
Eg meiner det vert feil å gjengje skrivefeil på denne måten. Så vidt eg forstår Sylfest Lomheim i Aftenposten 1.12.07, er det berre ein korrekt norsk skrivemåte. Ein annan ting er at vi kan vise til russiske og engelske skrivemåtar, men då må vi presisere at skrivemåten er henta frå desse språka. -Knut 10:46, 1 desember 2007 (CET)
Ja, einig i det. Det finns berre ein måte å transkribere kyrillisk til norsk på. Shtokman er derimot svært utbreidd i media. Eg syns det bør presiserast at det ikkje er norsk transkripsjon. Slik det står no høyres det ut som om Shtokman eller Shtockman er korrekte alternative på norsk, noko det ikkje er. --Frokor 11:24, 1 desember 2007 (CET)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…

BepBot 25. august 2008 kl. 02:53 (CEST)[svar]

[daud lenkje]