Diskusjon:Skjervsfossen

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skjervsfossen?[endre wikiteksten]

Heiter han ikkje Skjervefossen? --Barend 31. juli 2010 kl. 20:20 (CEST)[svar]

Står her som eit alternativt namn. --Frokor 31. juli 2010 kl. 21:27 (CEST)[svar]

yr.no [1] seier dette:

  • Godkjende skrivemåtar: Skjervsfossen (vedteke av Kartverket i 1996).
  • Ikkje-godkjende skrivemåtar: Skjervfossen (avslege i 1996).

--KRISTAGAα-ω 31. juli 2010 kl. 23:25 (CEST)[svar]

Ja ja. Ein får vel berre avfinna seg med at det ikkje hjelper å vera lokalkjent - Kartverkets vegar er uransaklege. Eg kjenner heller ikkje igjen forma Vossavangen frå den verkelege verda, men eg får vel motstrebande akseptera at me må basera oss på skriftlege normer for å unngå anarki. --Barend 2. august 2010 kl. 09:28 (CEST)[svar]
Novel, me kan vel ikkje bøya oss slavisk for noko me kan visa er feil, heller. Eg meiner å hugsa me hadde ein liknande diskusjon om eit anna namn også (ein fjelltopp). Blei det ikkje då til at me brukte det lokale namnet? Eit søk i Atekst viser at «Skjervefossen» finst som skriftleg form. Det får 81 treff, mot 8 for Skjervsfossen og 4 for Skjervfossen. --Ranveig 2. august 2010 kl. 10:22 (CEST)[svar]
Vi som skriv leksikon, må skrive det som er rett. Når ei namneform er vedteken av Statens kartverk, er det innhenta tilrådingar frå lokalt hald og den statlege stadnamntenesta, før kartverket har gjort vedtak om namnforma. Ingen av oss har kompetanse til å overprøve eit slikt vedtak, og skal vi fråvike vedtaket, må vi ha svært gode grunnar (at avisjournalistar skriv "feil" er ikkje nokon god grunn til å følgje dei).
Kartverkets vegar er ikkje uransaklege. Vi kan få innsyn i vedtaksprosessen. Namneforma «Vossavangen» er ikkje vedteken av kartverket, men av kommunen, sidan det er kommunen som fastset namn på grender og bygder. Her treng det ikkje vere innhenta tilråding frå namnekonsulenttenseta. Derfor ser vi at nokre grender (og bydelar) har fått namn som bryt med prinsippa i stadnamnlova.
Eg ser ikkje bort frå at Ranveig har rett, men eg trur helst at det var ei godkjend (ikkje vedteken) namneform vi valde å skrive på ein annan måte. Godkjende namneformer er namn brukte på kartet, men som ikkje har gjennomgått nokon vedtaksprosess. I slike tilfelle kan t.d. lokal litteratur dokumentere at namneforma som er brukt på kartet, er feil, og i slike tilfelle minnest eg at vi har vald å følgje litteraturen, ikkje kartet. --Knut 2. august 2010 kl. 10:49 (CEST)[svar]
Statens kartverk har ikkje alltid lagt grundige undersøkingar og lokal skrivemåte til grunn, slik dei skal gjera, så dersom den offisielle skrivemåten ikkje samsvarer med den lokale, synest eg godt me kan bruka den lokale. Men Skjervefossen er også namnet på ein foss i Ørsta kommune. --Tannkrem 2. august 2010 kl. 14:08 (CEST)[svar]