Diskusjon:Skog

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ettersom skau er eit velbrukt ord om skog i mange norske dialektar, synest eg ordet skal få stå i artikkelen. -- Ranveig 19. des. 2005 kl. 18:44 (UTC)

Einig med Ranveig. Har lagt til at forma er vanleg i austlandsmål, og har dessutan gjort om frå halvfeit til kursiv, ettersom dette er ei form som ikkje finst på normert nynorsk. -- Olve 19. des. 2005 kl. 19:33 (UTC)
Eg var gjerne litt kjapp der, innser eg.. / Kurtber|Ordskifte 19. des. 2005 kl. 23:27 (UTC)
Tja, det var eg som fyrst la inn «skau» da eg omsette frå bokmål. Ville sjå kor lang tid det tok før noen såg det. Ordet treng ikkje å stå i artikkelen, tvilar f.eks. på at «plau» står i artikkelen om «plog» sjølv om det er same grunn til 'au'-endinga i austlandsdialektane, og like mye i bruk i tale. --KRISTAGAα-ω 20. des. 2005 kl. 00:20 (UTC)
Mnja... Det er no ikkje ille å ha med ei svært utbreidd dialektform, da! :-) Elles er det no i det minste enklare med skog/skau enn med ord som snø/snjø/sny/snjy/snjøv/snjøve/sjog/sne... -- Olve 20. des. 2005 kl. 01:51 (UTC)
Om eit ord har mange dialektformer treng dei kanskje ikkje stå i innleiinga, men det vil likevel vera bra å skriva om dei i artikkelen, som det er gjort i furu. -- Ranveig (som eigentleg skulle ha pakka no) 20. des. 2005 kl. 11:00 (UTC)
God plan å ha ein dialektbolk i slike fall, ja. Elles får du/de ha ein fin tur (anten han går til Noreg, India eller annanstads) og ein triveleg ferie! :-) Olve 20. des. 2005 kl. 19:18 (UTC)