Diskusjon:Slaget på Stiklestad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hei. Spørsmål: Kvifor slaget "ved" Stiklestad når alle seier slaget "på"?

Eg har freista å rette noko på nynorsken her - den var litt skakk. Hadde det ikkje vore rimeleg å la namnet på artikkelen om Olav den Heilage vera nett Olav den Heilage og ikkje "Olav II av Noreg?" Det er ingen i Noreg som nemner han slik, medan alle i landet veit kven det er snakk om når Olav den heilage vert nemnd. Og Dessutan: Når det er snakk om ei norsk konge, omtala på ein norsk Wiki-side, er vel etterlekkjen "av Noreg" heilt bortkasta. Alle veit kvar Olav den Heilage var konge. EGM.

Fint at du rettar. Flytting: Her er eg heilt samd. Olav II av Noreg: Dette er litt verre, det går inn i eit system der det for andre kongar er verre å vite. Men omdirigering er vel på plass? Trondtr 19:31, 22 juni 2007 (CEST).
Hei, forresten, EGM, viss du les dette. Det har vore ein diskusjon her og der om du les diskusjonssidene dine eller ikkje. Kan du ikkje stikke innom her og kommentere det dei andre seier? Innlegga dine kan du forresten signere med fire tilder: ~~~~. Trondtr 19:42, 22 juni 2007 (CEST).
Om ein skal kalla kongar som Harald Hårfagre eller Olav den Heilage ved kjende tilnamn eller namngje dei gjennom eit «system» er drøfta på Kategoridiskusjon:Monarkar (nede på sida), men av berre tre personar, slik at ein ikkje kan seia at han er avslutta for alltid. Eg synest også me bør bruka namnet folk er kjende under. --Ranveig 13:31, 23 juni 2007 (CEST)

Heilt einig ,Flytt.Hvis det er fleire alternativ til navn på ei side bør ein alltid kalle sida det som folk flest brukar ,tette gjer at sida vil få flest treff av søkemotorar og det er vel ingen vits i å lage sider ingen finn. Personleg veit eg ikkje eingang korleis eg skriv Olav II på tastaturet (måtte lime det inn).Så sida om Olav den Heilage ligg for meg ikkje berre i tussmørker men i stummande mørke. Sida Olav den Heilage vil alikevel få ferre treff enn Olav den Hellige men det er no noko me må leva med, me er no ei mindre språkgruppe. Sogning 15:14, 23 juni 2007 (CEST)